SAMANLIKNING: Ei samanlikning med valresultata under kommunevalet 2011, syner ei stor endring i stemmefordelinga. Årets tal er førebels basert på førehandsstemmene. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen/Truls Grane Sylvarnes
SAMANLIKNING: Ei samanlikning med valresultata under kommunevalet 2011, syner ei stor endring i stemmefordelinga. Årets tal er førebels basert på førehandsstemmene. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen/Truls Grane Sylvarnes

Småpartia stormar fram

Etter ein samanlikning av kommunevalet 2011, syner ein tendens til at dei små partiar byrjar å gjere seg synlege i den lokale politikken.

Årdal: Ved kommunevalet i 2011 trona Arbeidarpartiet på topp med heile 74, 7 prosent av stemmene, medan Senterpartiet var nest størst med berre 14,1 prosent. 

I tillegg til at Senterpartiet fossar fram på dei førebelse resultata, skjer det og mykje med dei små partia i Årdal.

LES OGSÅ: Sp framfor Ap i Årdal

Artikkelen held fram under biletet.

Kommunevalet 2011 syner at Arbeidarpartiet vann med 74,7 prosent av stemmene.

Ein statistikk syner forskjellane på dei endelege resultata under kommunevalet i 2011, og dei førebelse tala, basert på førehandsstemmene, i årets val. 

Artikkelen held fram under biletet.

Førehandsstemmene for kommunevalet 2015 syner at Ap og Sp ligg ganske jamnt i Årdal, samstundes som dei små partia veks fram.

Det er ein tydeleg framvekst av dei små partia i Årdal kommune, og då spesielt nykomlingane Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne. 

SPENT: Kurt Jevnaker og resten av Årdal Venstre er særs spente før dei endelege resultata er på plass. Arkiv
SPENT: Kurt Jevnaker og resten av Årdal Venstre er særs spente før dei endelege resultata er på plass. Arkiv

– Om dette vert tendensen når dei endelege resultata ligg klare, så er me kjempenøgd! Får me ein person inn i kommunestyret så er målet vårt nådd, seier Kurt Jevnaker frå Årdal Venstre.

Kva trur du er grunnen til at Venstre får stemmer i Årdal i år?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, men me håpar å ha nådd fram med fokuset vårt på born og unge, barnehage og skular, samt kulturtilboda i kommunen. I tillegg til satsinga vår på gründerar i kommunen. 

LES OGSÅ: Økonomisk sikkerheit til gründerar

Til toppen