SMÅVILTJAKT: Det er mange gode grunner til å velge småviltjakt, blant annet økonomi og logistikk. Naturopplevelsen er minst like flott som når man driver storviltjakt. (Bilde: Kallestad, Gorm)

Småvilt gir stor jaktglede

Over halvparten av dei som har tatt jegerprøven, kjem seg ikkje på jakt. Småviltjakt kan vere løysinga.

Mange knyter jakt til storvilt og då spesielt elgjakt. Men terskelen for å komme i gang med elgjakt kan opplevast som nokså høg: Ein må skaffe seg tilgang til eit jaktfelt og helst eit jaktlag. Det kostar ein del pengar, ein må ha god kjennskap til byttedyret og inngåande kunnskap om slakting og kjøtbehandling, og ein treng bestemt utstyr, som jaktradio.

Med småvilt er terskelen betrakteleg lågare, mens spenninga og naturopplevinga er minst like stor, vil mange hevde.

– Det er meir å velje i og lettare å vere spontan. I dag er eg for eksempel på elgjakt med eit jaktlag, men eg har tatt med meg hagla i tilfelle eg i morgon får lyst til å stikke på småviltjakt, forklarar Stine Hagtvedt.

Fakta: Jakt i Noreg

  • For å kunne utøve jakt eller fangst i Noreg, må du vere registrert i Jegerregisteret i Brønnøysund og ha betalt jegeravgift for gjeldande jaktår. Med mindre jakta går føre seg på fjord eller hav, må du i tillegg ha løyve frå grunneigar.
  • inatur.no har god oversikt over jaktkort.
  • Norges Jeger- og Fiskerforbund (njff.no) har mykje informasjon om det meste innan jakt.
  • JegerStine.no er bloggen til Stine Hagtvedt.

Utan kontaktar

Ho har hausta nasjonal og internasjonal merksemd som svært aktiv jeger, og driv bloggen JegerStine.no, der ho for tida rapporterer om sine opplevingar frå haustjakta.

– Eg kjem ikkje frå nokon jaktfamilie, men har alltid vore veldig glad i friluftsliv. Og eg er glad i mat. Det er noko eige med å følgje maten heilt til bords. Jakt gir med andre ord ein ekstra dimensjon til noko eg allereie er opptatt av og driv mykje med, forklarar Hagtvedt.

Då ho nettopp hadde tatt jegerprøven, følte ho at ho stod på bar bakke, utan særleg kontaktar i jegermiljøa.

– Eg trur ein del opplever at mangel på kontaktnettverk set ein brems for særleg storviltjakta. Eg er heldigvis ikkje redd for å spørje, og vart raskt med som gjestejeger i samband med duejakt. Det er mykje meir logistikk og planlegging med store dyr, derfor vel nok mange som ikkje kjem frå noko «jegermiljø» å starte med småvilt. Nokre tenkjer kanskje på det å ferdast i skogen med våpen som skummelt også, seier ho.

(Bilde 2) RYPEJAKT: Ryper er småviltet det er mest populært å jakte på. Men det finnes mange andre arter å velge mellom.
(Bilde 2) RYPEJAKT: Ryper er småviltet det er mest populært å jakte på. Men det finnes mange andre arter å velge mellom. Foto: Ruud, Vidar

Mange fordelar

Norges Jeger- og Fiskerforbund er einig i at småviltjakt er ein god inngang til jakt for mange. Men forbundet meiner også at denne typen jakt har eit uutnytta potensial blant meir rutinerte storviltjegerar. Det er stort artsmangfald og god utbreiing av jaktbart småvilt i Noreg samanlikna med større dyr, og jakta krev ofte mykje mindre organisering og økonomisk innsats.

– Småvilt er lett tilgjengeleg i nærleiken av der ein bur, mens elgjakta må ein nærmast vere fødd til, for å sette det på spissen, seier kommunikasjonskonsulent i NJFF ​Håvard Skjerstad Andersen​.

Småvilt

  • Fuglar: Kortnebbgås, grågås, brunnakke, krikkand, stokkand, toppand, ærfugl, havelle, svartand, kvinand, siland, laksand, jerpe, lirype, fjellrype, orrfugl, storfugl, storskarv, toppskarv, heilo, rugde, enkeltbekkasin, gråmåke, svartbak, ringdue, gråtrost, rødvingetrost, skjor, nøtteskrike, kråke, ramn.
  • Pattedyr: Raudrev, røyskatt, mår, grevling, hare, ekorn, bever.
  • Framande artar: Mårhund, villmink, sørhare, kanin, beverrotte, bisam, villsvin, dåhjort, muflon, kanadagås, stripegås, knoppand, mandarinand, stivhaleand, fasan.

(Kjelder: Norsk institutt for naturforsking – NINA, NJFF, Miljødirektoratet)

Jaktar aldri

Sjølv om det er nokså låg terskel for å begynne med småviltjakt, viser tala at under halvparten av dei 13.000 som tar jegerprøven kvart år, i det heile tatt kjem seg på jakt.

– Jegerprøven er i stor grad teoretisk, og det er for mange lang veg frå kurslokala til det å skaffe seg hagle og komme seg ut. Ganske mange veit ikkje eingong kven ein skal spørje, enten det gjeld kvar ein finn eigna jaktterreng eller korleis ein skal behandle byttet, seier Skjerstad Andersen.

Noko av forklaringa er endra busetjingsmønster.

– Jakt er noko som tradisjonelt er lært bort innan familien. I takt med at stadig fleire av oss bur i byar, går denne kunnskapen tapt, forklarar han.

Dette har NJFF tatt tak i. Gjennom prosjektet Introjakt tilbyr dei over 200 lokallaga oppfølging til dei som enten nyleg har tatt jegerprøven eller som ønsker å prøve nye jaktformer.

– Vi trur og håpar at dette vil vere med på å fylle kunnskapsgapet og gi folk erfaringar dei kan byggje vidare på. Ein får rutinerte instruktørar, treffer andre jaktinteresserte og får i mange tilfelle tilgang på indrefiletane av jaktterreng rundt om i landet, seier Skjerstad Andersen.

ELSKER JAKT: Etter at Stine Hagtvedt tok jegerprøven, har hun vært ivrig på både små- og storviltjakt. Hun er også aktiv blogger.
ELSKER JAKT: Etter at Stine Hagtvedt tok jegerprøven, har hun vært ivrig på både små- og storviltjakt. Hun er også aktiv blogger. Foto: Privat

Har ein først tatt jegerprøven, er det eigentleg nokså fritt fram. Avhengig av kvar og kva ein jaktar, kan ein kjøpe jaktkort eller banke på døra til grunneigar og spørje om lov.

– Du må alltid ha løyve frå grunneigar for å jakte. Men i Noreg er 30 prosent av skog og mark statseigd, og staten står som garantist for tilgang til jakt for allmenta, forklarar han.

Øv på skyting

Det er også viktig å hugse at sjølv om ein juridisk sett har lov til å bere og skyte med våpen etter bestått jegerprøve, så betyr ikkje det utan vidare at ein er ein god skyttar. Undersøkingar, blant anna gjort av Vitskapskomiteen for matsikkerheit, antydar at så mange som 50 prosent av endene som blir skotne, blir skadeskotne. Ein reknar med at tala er høge også for anna småvilt.

– Det betyr at veldig mykje småvilt lir overlast, noko som i praksis er i strid med dyrevernlova, seier Siri Martinsen, veterinær og leiar i dyrevernorganisasjonen NOAH.

Jeger Stine Hagtvedt oppfordrar alle som jaktar om å trene regelmessig på skyting, særleg når ein er fersk jeger.

– Bli godt kjent med våpenet ditt på skytebana før du legg ut på jakt – då blir du tryggare på både sikker våpenhandtering og eigne skyttarferdigheiter, seier ho.

Til toppen