BARSK: Kantete og aggressiv Ford – sjølv ikkje mjukt morgonlys klarer å skjule hensiktene til denne bilen. Foto: Jan Harry Svendsen
BARSK: Kantete og aggressiv Ford – sjølv ikkje mjukt morgonlys klarer å skjule hensiktene til denne bilen. Foto: Jan Harry Svendsen

Smilebilete

Dei tvingar deg til å ta den lengste vegen heim. Til å smile bak rattet. Men Ford Focus ST og Alfa Romeo Giulietta manar også til irritasjon.

  • Endret


Forventningane stig automatisk når ein får nøkkelen overrekt, og dei blir ikkje mindre når ein nærmar seg den barske Ford Focus ST. Men forventningar står for fall. Når eg vrir motoren i gang er det knatringa til ein dieselmotor som når høyrselssenteret i hjernen.

Artikkelen held fram under biletet.

FIN FØRARPLASS: Førarplassen i Ford Focus ST er god.
FIN FØRARPLASS: Førarplassen i Ford Focus ST er god.

Kjøreglede sel

Sportslege bilar i kompaktklassen har vore populære blant entusiastar heilt sidan Golf knakk koden med GTI. Og enno finst det bilistar som aller helst vil ta den lengste vegen heim. Då er dei to bilane vi testar denne veka, Ford Focus ST Alfa Romeo Giulietta Quadrifoglio Verde, veleigna.
Direkte samanliknbar er dei to lommerakettane ikkje. Dieselmotoren i ST har nemleg vanskar med å måle seg med kraftpakken i Alfaen – og prismessig er det eit hav mellom dei to bilane.

Barskare

Likevel spelar dei på dei same kjenslemessige strengene. Alfaen er barsk og skrikande. Dei raude bremsecaliperna er umoglege å ikkje leggje merke til, og på skjermane er skjoldet med firkløveren montert. Alfa meiner tydelegvis alvor, for skjoldet er frå gammalt av sjølve symbolet på racing-aktivitetane til bilmerket.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ HEIMEBANE: Det er her, blant skilt som dette, at Alfa Romeo Giulietta QV føler seg heime.
PÅ HEIMEBANE: Det er her, blant skilt som dette, at Alfa Romeo Giulietta QV føler seg heime.

Ford er tilsynelatande ikkje så opptatt av gamle tradisjonar, men designmessig er han nesten endå meir kanta og brutal i formspråket enn Alfaen. Det svulmande karosseriet signaliserer kraft og gir løfter om uinnskrenka køyreglede.

Brøler

Den 1,7 liters store turbomotoren i Alfaen brøler han nærmar seg raudmerket. Eg drar i spaken og legg inn neste gir. På 6,8 sekund når eg 100 kilometer i timen. Inn mot svingen bremsar eg seint, før eg styrer inn. Bøtteseta held meg i eit jerngrep, før dei 241 hestekreftene igjen sender oss mot neste sving. Sjølv på mjuke vinterdekk gir chassiset på Alfaen god følelse av kontroll, og i norsk landevegsfart er den 1.320 kilo tunge bilen ein underhaldande reisepartnar. Men særeigenskapar har han, blant anna er det komplett umogleg å finne ei perfekt køyrestilling.

Diesel

I Forden sit ein betre. Men dieselmotoren irriterer. Trass i sine 185 hestekrefter blir det feil med ein slik motor i ein bil som dette. Altfor fort flyttar ein seg utanfor det optimale turtalsregisteret for motoren, og det stive understellet er ei plage i byen. Problemet er at ein heile tida ønskjer seg meir effekt for å hente ut det beste av bilen. Ikkje for det, ein bensinmotor med 250 hk finst til ST, men då aukar også prisen frå 369.000 kroner til 445.000 kroner.

Artikkelen held fram under biletet. 

BØTTESETE: Trass i bøttesete, det er ikkje like enkelt å finne ei komfortabel køyrestilling i Alfaen.
BØTTESETE: Trass i bøttesete, det er ikkje like enkelt å finne ei komfortabel køyrestilling i Alfaen.

Kostbar

Det fortonar seg likevel nesten som eit billigsal om vi samanliknar med Alfa. Nesten 200.000 kroner skil det mellom han og diesel-Forden, og sjølv med bensinmotor bak den finmaska Ford-grillen kostar italienaren over 100.000 kroner meir. Det er det vanskeleg å rettferdiggjere. For dieselmotor til trass, ST gir noko av den barnslege køyregleda tilbake – og til ein overkommeleg pris.

Alfaen er og blir eksotisk. Uansett korleis ein snur og vender på det er det umogleg å finne ein grunn til at han er verd nesten 200.000 kroner meir enn Forden. Sjølv ikkje ein ekte «alfisti» vil kunne finne ein einaste grunn til å betale så mykje meir for ein bil som verkar mindre moderne enn Focus ST.
 

Til toppen