Vik: Fredag kunne Vik kommune melde om eit nytt smittetilfelle i kommunen på sin eigen nettstad. Personen er busett i Vik.
Smittevernlege Helge Bjordal kan fortelje at det er ei kvinne som er smitta. Ho var i eit reisefølgje på to personar.
Begge to har vore i karantene sida dei kom tilbake frå reisa.
– Såleis ser me ingen indikasjonar for at det er smittespreiing her i kommunen, seier Bjordal til Porten.no.
Den andre personen sit framleis i karantene.