Smittetilfelle i Årdal. Personen har vore på utanlandsreise
(Foto: Kristine Haglund)

KORONAVIRUS

Smittetilfelle i Årdal. Personen har vore på utanlandsreise

– Smittevegen er kjent og smittesporing pågår, skriv kommunen.

Ein årdøl har testa positivt for koronavirus fredag. Det melder kommunen sjølv i ei pressemelding.

«Den smitta personen har vore på reise i utlandet og var allereie i reisekarantene, vedkommande er no sett i isolasjon», skriv dei. 

Kommunen meiner likevel at dei har kontroll. Dei skriv: 

«Per no ser me ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet og situasjonen er førebels under kontroll»

Til toppen