Ytre Sogn: – Det er jo heilt fantastisk! Men eg synest ikkje eg spesifikt fortener ei slik utmerking når eg tenkjer på kor mange av mine smittevern- og kommunelegekollegaer som har jobba minst like hardt som meg, til dømes i Hyllestad i samband med utbrotet på Havyard. Men det er veldig kjekt, seier kommuneoverlege og smittevernlege i Høyanger, Kristine Longfellow då Porten.no fortel om utmerkinga.

Smittevernlegar kåra til Årets namn i Ytre Sogn: – Det er jo heilt fantastisk
Smittevernlegane i Gulen og Høyanger tok ein klar siger i kåringa til Porten.no. Men dei vil begge dele heideren og æra med andre.