LITEN TVIL: Det er no liten tvil om at nervesjukdommen som er påvist hos norsk villrein er smittsam. Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen.
LITEN TVIL: Det er no liten tvil om at nervesjukdommen som er påvist hos norsk villrein er smittsam. Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen. (Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen)

– Smittsam nervesjukdom på villrein

Det er no liten tvil om at nervesjukdommen som er påvist hos norsk villrein er smittsam. Kor mange hjortedyr som har fått Chronic Wasting Disease kan bli klart etter haustjakta, skriv Hallingdølen.

Lærdal: I april vart ei simle funnen død i Nordfjella. Som første hjortedyr i Europa fekk dyret påvist Chronic Wasting Disease (CWD). Denne sjeldne, men dødelege nervesjukdommen har i fleire tiår vore kjent på ulike hjortedyr i Nord-Amerika.

For ein månad sidan håpa ein at funnet var ein spontan sjukdom som berre gjaldt eitt dyr. No er det klart at det ikkje er tilfellet.

SAMANFALLANDE: – Vi sende prøvar til Canada, og dei viste heilt samanfallande eigenskapar med smitte på ville dyr i hjortefamilien som dei kjenner frå Nord-Amerika, seier Kåre Rudningen (t.h.). Arkiv
SAMANFALLANDE: – Vi sende prøvar til Canada, og dei viste heilt samanfallande eigenskapar med smitte på ville dyr i hjortefamilien som dei kjenner frå Nord-Amerika, seier Kåre Rudningen (t.h.). Arkiv

– Vi sende prøvar til Canada, og dei viste heilt samanfallande eigenskapar med smitte på ville dyr i hjortefamilien som dei kjenner frå Nord-Amerika. Nesten hundre prosent sikkert må vi derfor gå ut frå, og nærmast fastslå, at vi her står overfor ein smittsam variant av CWD, seier Kåre Rudningen, leiar i Grunneigarlaget for villreinvald i Lærdal og pensjonert inspektør i Mattilsynet, til avisa.

Meir kunnskap vil ein få frå dyr som blir felte under haustjakta. Målsetjinga er at det skal bli teke prøver av alle dyr som blir skotne under jakta.

Dersom testen er positiv, skal ikkje kjøtet etast. Då vil jegeren få eit nytt fellingsløyve. (©NPK)

Til toppen