FALKEBLIKK: Ragnar fyller snart 90 år, men driv framleis med skyting på toppnivå.
FALKEBLIKK: Ragnar fyller snart 90 år, men driv framleis med skyting på toppnivå. (Foto: Leikanger Skyttarlag)

90 år med falkeblikk: rekord i tal landsskyttarstemne

Ragnar Husabø, 89, kunne reisa heim med 341 poeng i sekken etter Lerum Cup i skyting.

Ragnar Husabø, Leikanger Skyttarlag
SKYTTARHOBBY: Ragnar trossar alderen, og driv med skyting på toppnivå. Foto: Leikanger Skyttarlag

Sogndal: Ragnar Husabø fyller 90 år til vinteren, likevel er det ingenting som stoggar han frå å driva med skyting på toppnivå. 

Husabø har delteke på 67 landsskyttarstemne. Ingen andre i landet kan seie det same. 

–Ragnar er ein legende, ein med gode replikkar og godt humør, seier Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag.

Ragnar skyt i klassen Veteran 73, for dei over 73 år, kor han altså skaut seg opp til imponerande 341 poeng.

I denne klassen vert alle skot gjennomført i liggjande skytestilling.

Den høgaste moglege poengsummen er 350 poeng.

Ivrig skyttar

Husabø er ein svært ivrig skyttar, og trenar framleis regelmessig med Leikanger Skyttarlag, kor han er eit aktivt medlem. 

Olav Skarsbø, Leikanger Skyttarlag
Foto: Halvor Farsun Storvik

–Ragnar seier sjølv at helsa er god grunna skytinga og kruttlukta, seier Skarsbø.  

Kona Marit, har takka for seg når det kjem til skytinga. Ho har gått lei, men det same kan ho ikkje sei om Ragnar:

–Han vert ikkje lei. Eg brukar å seie at det er skytinga som held han gåande. Han har liksom byrja å gå feil veg, han er ikkje så gamal som han seier han er, på ein måte, seier ho og ler. 

Han verkar ikkje til å ha nokre planar om å gje seg i næraste framtid; han planlegg nemleg å delta på Landsskyttarstemnet i Stjørdal i sommar, i år igjen som alle andre år. 

Til toppen