MISTER KONTORA: I Stryn vart passtenesta avvikla 1. oktober. Frå 1. november vert den også avvikla i Vågsøy, Gloppen, Lærdal og Årdal. 
MISTER KONTORA: I Stryn vart passtenesta avvikla 1. oktober. Frå 1. november vert den også avvikla i Vågsøy, Gloppen, Lærdal og Årdal. 

Snart er det berre fire passkontor att i Sogn og Fjordane

Fokus på tryggleik gjer at det blir færre lensmannskontor som får behandle pass.

Sogndal: – Norske pass er eit ettertrakta dokument for mange i kriminelle miljø. Med dette bakteppet, har justisdepartementet og politidirektoratet hatt passprosjektet for å sikre auka kvalitet i passproduksjonen og sikre innbyggjarane sin identitet mot misbruk.

Dette skriv Vest Politidistrikt i ei pressemelding. 

Konsekvensane vert færre stader med passtilbod. Det vert også nye krav om opplæring til dei som skal jobbe med pass.

Stryn, Vågsøy, Gloppen, Lærdal og Årdal mister tilbod

Dei fire stadane som skal ha pass i framtida, er Eid, Førde, Florø og Sogndal. Alle har hatt ombygging for å tilfredsstille nye krav til tryggleik. 

I Førde er det ei mellombels løysing inntil nytt politihus blir etablert i 2021. Det er også etablert nye passkioskar. 

I Stryn vart passtenesta avvikla 1. oktober. Frå 1. november vert den også avvikla i Vågsøy, Gloppen, Lærdal og Årdal. 

I Høyanger og Fjaler vert passtenesta vidareført inntil vidare grunna kontortilhøva og plassmangel i Førde.

Timebestilling skal hindre kø 

Alle dei fire passkontora får system for timebestilling av pass. Dette for å hindra at folk må stå i kø og for å gjere det lettare å planlegge besøk fram i tid.

– Det er sjølvsagt beklageleg at brukarane får lengre reiseveg for å få denne tenesta, men det er ein konsekvens av at ein styrkar arbeidet med å redusera risikoen for at innbyggjarane og samfunnet vert utsatt for ID-relatert kriminalitet, står det i pressemeldinga. 

Til toppen