VARIERT PROGRAM: Det skal godt gjerast å ikkje finne noko som passar din smak på årets Målrock. Frå eldre travarar, til stigande stjerner, frå smale artistar til Lothepus. Festivalsjef Thomas Norheim Moen har store forventingar til festivalen.
VARIERT PROGRAM: Det skal godt gjerast å ikkje finne noko som passar din smak på årets Målrock. Frå eldre travarar, til stigande stjerner, frå smale artistar til Lothepus. Festivalsjef Thomas Norheim Moen har store forventingar til festivalen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

No brakar det laus: Målrock-sjefen trur på stor stemning

Etter gårsdagens oppvarming startar Målrock for fullt i dag. – Eg har store forventingar, seier sjefen sjølv, Thomas Norheim Moen.

Årdal: Han har ikkje oversikt over kor mange billettar dei har selt, men forventar opp mot to tusen personar kvar kveld.

SJARMØR: Lothepus representerer årets publikumsfrieri frå Målrock-leiinga. Laurdag kan du sjå han Under Skåri.
SJARMØR: Lothepus representerer årets publikumsfrieri frå Målrock-leiinga. Laurdag kan du sjå han Under Skåri. Foto: Pressefoto

– Då er det bra med liv, seier Moen.

I Meieriparken på Årdalstangen blir det kjent opplegg, med ei blanding av gamle legender som Manfred Mann-gitarist Chris Thompson og TNT, etablerte artistar som «ring meg»-Gabrielle, «Big Bang»-Greni, «Kaizers»-Janove og Thomas «falsett» Dybdahl, stigande stjerner som Hjerteslag og Dagny og lokale heltar som Verdsmannen Thorbjørnsen, MAS og Strupetakarane.

Festivalsjefen har sjølv sett fleire av artistane i aksjon i sommar og kan love til tider spektakulære show og gjennomgåande høg musikalsk kvalitet.

På laurdag føremiddag har dei valt ei litt anna retning enn tidlegare. Til den faste konserten Under Skåri har dei booka inn Lothepus, skytebasen som vart realitystjerne, men som no reiser rundt med fullt band og blir slakta av kritikarar landet rundt.

– Det er eit dristig val, innrømmer festivalsjefen.

Likevel har han tru på at valet er rett, ikkje minst fordi dei vil greie å trekke eit litt anna publikum til gards enn dei har gjort tidlegare.

– Eg har til og med fått førespurnader frå folk som aldri har vore i Skåri, som ikkje veit kvar det er enn gong. Og dei kjem frå Årdal. Eg har tru på at det kjem til å bli eit bra show der oppe, seier Moen, med trykk på «show».

Målrock startar i Meieriparken no klokka 19.00 med Chris Thompson & Mads Eriksen band.

Til toppen