FESTIVALSJEF: – Som festivalsjef er eg nøydd til å tenke til å tenke at, greitt no får dei tar tar seg av detaljane og så får eg ha overblikket. Det verkar som at alle har kontroll på områda sine, som er veldig deilig som festivalsjef, seier Fagerslett.
FESTIVALSJEF: – Som festivalsjef er eg nøydd til å tenke til å tenke at, greitt no får dei tar tar seg av detaljane og så får eg ha overblikket. Det verkar som at alle har kontroll på områda sine, som er veldig deilig som festivalsjef, seier Fagerslett. (Foto: Youri van der Werve)

Snart brakar det laus for årets Fjellsportfestival

Det er berre fem dagar igjen til Fjellsportfestivalen er i gang. Festivalsjef, Ragnhild Fagerslett, går ei travel veke i vente.

Sogndal: – No har me planlagt sidan september. Alle avtalar, kven skal me spørra, kven me skal ha med, kven skal vere gjestar, det er i boks. No er det berre små detaljar igjen, seier festivalsjef Ragnhild Fagerslett.

10-årsjubileum

I år er det 10-årsjubileum og det gjer at presset på å skapa tidenes festival ikkje blir noko mindre.

– Som festivalsjef er eg nøydd til å tenka at «greitt, no får dei tar tar seg av detaljane og så får eg ha overblikket». Det verkar som at alle har kontroll på områda sine, noko som er veldig deilig som festivalsjef. Ting byrjar å gå litt av seg sjølv.

 I tillegg er det gjort nokre endringar i år for å skapa ein endå betre afterski.

– Afterskien har blitt ein del meir arbeid, då me har vald å flytta den til Dampskipskaia, seier ho.

Også ein fjellsportbasar på kvelden er lagt til i programmet.

– Basarleiaren er Torbjørn Selseng og det blir flotte gevinster. Som overnatting i fleire lokale hotel og til og med ein spesial jubileumsgensar som er laga berre for i år.

– Opningsseremonien blir tidenes!

No er det ikkje er lenge igjen før det brakar laus. Festivalsjefen har nokre ting ho gler seg endå meir til enn andre.

– Opningsseremonien blir tidenes! Eg gler meg sjukt mykje til den. Me har også ni føredrag i år, som alle er av verkeleg høg kvalitet. 

Sjølv om det er mykje å sjå fram til for festivalsjefen, er tryggleiken alltid eit tema som det er stort fokus på.

– Eg har ikkje lyst på skadar, skred og uønska hendingar, seier Fagerslett.

– Me har ein tryggleikssjef, som jobbar kontinuerleg med folk som har arrangement og ho har laga ein detaljert tryggleiksanalyse. Me har gjort alt me kan for å prøva å unngå det, men det er veldig mange som ikkje er med på det organiserte som me ikkje har kontroll på, seier ho.

Manglar frivillege

I det siste har det vore snakk om at Fjellsportfestivalen manglar frivillege, men ifølgje Fagerslett er det ikkje så gale som det høyrast ut som.

– Me manglar kanskje femten stykk. Femten av to hundre er eigenleg ikkje så mykje. Det er ikkje noko problem å få gjennomført festival. Men me har ikkje lyst til at vakter skal jobba seg i hjel, så me prøver å få tak i dei frivillege me treng. Det er nøye planlagt kor mange me treng.

Mange av dei frivillege er studentar, men for Fagerslett er det også viktig å få med dei lokale.

– Studentane kjenner kvarandre og det trur eg er ein fordel viss ein for eksempel står som parkeringsvakt at du kjenner den du jobbar med. Men me ønskjer jo å ha med dei lokale. Det er mange lokale som har eit eigarskap til festivalen. Me har mange eldsjeler som kjem tilbake år etter år. 

Satsar på samkøyring

Som vanleg blir det jobba hardt med å unngå problem med trafikken. Ved Hodlekve er det ikkje mange parkeringsplassar, difor blir folk oppmoda til å ta bussen eller samkøyra.

– Me har sett opp festivalbussar som køyrer mellom Hodlekve og skysstasjonen. Den byrjar å køyra frå ni og køyrer ut dagen. I tillegg korresponderer den med laussnøekspressen, informerer administrasjonssjefen Ingvild Andersen om. 

– Me har også laga til ei Facebook-gruppe til samkøyring. Her kan ein sjå om det er nokon ein kan sitta på med eller seia i frå viss du har plass til å ta med seg folk. 

Det er ikkje enkelt å vite kor mange bussar ein treng og Andersen har kontinuerleg kontakt med Nettbuss under festivalen.

– Nettbuss er kjempefleksible og kjem ikkje til å vera noko problem å setta inn ein ekstra buss, seier Andersen

Fin vêrmelding og fine snøforhold

Fagerslett går ei travel veke i vente.

– Uventa ting kjem opp heile tida. Me får berre ta det som det kjem, heldigvis er det meste store på plass.

Vêrmeldinga og snøforholda ser gode ut og for Fagerslett er det berre å drøyma om den optimale festivalen.

– Det beste som kunne ha skjedd er at det er skredfare 1, knall sol heile veka og at folk blir lei av dei gode snøforholda. Derfor reiser dei tidleg på afterski slik at dei kan få med seg føredrag og vera tidleg oppe igjen den neste dagen.

Til toppen