SJØDYKTIG: Heilelektriske Future of the Fjords skal snart bli overlevert til kjøparen The Fjords. Biletet er frå sjøprøven i vinter.
SJØDYKTIG: Heilelektriske Future of the Fjords skal snart bli overlevert til kjøparen The Fjords. Biletet er frå sjøprøven i vinter. (Foto: Ole Matias Aa)

Snart er den heilelektriske passasjerbåten klar til levering

Den daglege leiaren i The Fjords ser fram til å setta heilelektriske Vision of the Fjords i trafikk på verdsarvfjordane i Aurland. Og trur det går mot ei snarleg løysing i bryggefloka. 

Flåm: Den 9. mai blir den heilelektriske passasjerferja Vision of the Fjords overlevert frå båtbyggjeriet Brødrene Aa til reiarlaget The Fjords i Flåm.

Den tekniske nyskapinga skal gå i rute mellom Flåm og Gudvangen, men enno er det usikkert når ferja blir å sjå i fjordlandskapet i Aurland.

– Det er ikkje bestemt enno, seier Rolf Sandvik, dagleg leiar i The Fjords.

Trur det går mot løysing i bryggenekt

Han seier dei framleis ventar på å få godkjent plasseringa av flytebrygga som skal levera straum til fartøyet. Årsaka var at NVE motsette seg planane fordi anlegget ville ligga for nære rasfarleg område. The Fjords har søkt om dispensasjon frå omsynssona, og ventar avklaring i Plan og utviklingsutvalet i midten av april.

– Instilinga er positiv, så alt dette ordnar seg, trur Sandvik.

Ordførar Noralv Distad i Aurland håpar òg det går mot ei løysing. Han er imponert over kva båtbyggjarane i Brødrene Aa og reiarlaget The Fjords har fått til i samarbeid.

– Det er eit lite eventyr at det er mogleg å få det til. For eit par år sidan ville me ha trudd at dette ikkje var mogleg, men teknologien har utvikla seg svært raskt. Så er me heldige som har ei bedrift som er villig til å investere og ei bedrift som greier å levera, seier Distad.

Ventar vel så stor merksemd rundt søsterskipet

Future of the Fjords er søsterskipet til Vision of the Fjords, hybridfartøyet som vart sett i trafikk på turistruta mellom Gudvangen og Flåm i fjor. Den banebrytande og miljøvenlege teknologien har vunne fleire prisar og vekt internasjonal merksemd.

Den daglege leiaren trur ikkje det blir mindre oppstyr rundt oppfølgjaren.

– Det er stor interesse, faktisk i enno større grad no. Det skal koma ein internasjonal pressetur til Flåm i mai, og me har allereie sett at det er enormt stor interesse, eigentleg frå heile Europa. Det er fordi me går mykje lenger denne gongen, seier Sandvik, som gler seg til å sleppa det nye «miljøfyrtårnet» laus på fjordane.

Til toppen