DET EINASTE I NORD-EUROPA: Airlift sitt Super Puma-helikopter av dette slaget er det einaste i Nord-Europa med ein kapasitet på 3000 liter vatn.
DET EINASTE I NORD-EUROPA: Airlift sitt Super Puma-helikopter av dette slaget er det einaste i Nord-Europa med ein kapasitet på 3000 liter vatn.

Vegen kan opna fredag. Onsdag kjem einaste helikopteret i Nord-Europa som kan gjera jobben

Vegvesenet kan byrja å rydda vekk kampesteinane frå vegen fyrst når alle lausmassane i fjellskrenten er vaska bort. 

Årdal: – Det me ser føre oss, er at me delvis kan få opna vegen på fredag. Det vert berre eitt køyrefelt forbi rasstaden, og me vil då få ei styrt trafikkavvikling forbi raset, seier Bjørn Indrebø i Statens Vegvesen. 

Når helikopteret får spylt bort alle lausmassane i skrenten over vegen, kan vegvesenet starta arbeidet med å fjerne kampesteinane ved Finnsåstunnelen.

Indrebø håpar at dette kan skje alt før skumringstimen onsdag, men seier det mest realistiske er at dei får starta fyrst ved grålysninga torsdag. 

– Det er det som er målsetjinga, for å vera litt realistisk, at me byrjar torsdags morgon. Men maskinene våre står klare alt no.

Helikopteret er snart på plass

Indrebø seier det berre er eitt helikopter i heile Nord-Europa som har stor nok tank til å gjera spylejobben skikkeleg.

Dette var til service då raset skjedde. Det var eigentleg teke ut av drift for fjorten dagar, men kjem no i gang att før det var tenkt. 

– Dei har skunda seg so godt dei har kunne. Etter å ha fått montert på alle nye delar, testkøyrer dei helikopteret i dag, slik at det er klart til oss i morgon. 

Indrebø fortel at januar månad er lågsesong for helikopterbransjen, og at det er vanleg å ha helikopter inne til rutinemessig service på denne tida. 

Geologane fann ut at all lausmassen i skrenten måtte bort før vegarbeidet kunne starta

Det fyrste helikopteret som tok fatt på arbeidsoppgåva fredag, hadde berre ein tank på 1000 liter. Dette er for lite til å kunne spyla vekk all jordmassen. Helikopteret som kjem onsdag rommar 3000 liter.

Geologane trudde fyrst at det som eventuelt skulle rutsja ned av lausmasse, kunne verta stogga av ei fanggrop før det nådde vegbanen.

 – Det vart gjort ei ny vurdering då me hadde folk oppe og sjekka laurdags morgonen. Me i vegvesenet ynskte å byrja arbeidet, men to geologar frå vegvesenet og ein frå Mesta fjellsikring registrerte at det var alt for mykje jord og småstein som låg att i skrenten.

Dei meinte det ville vera ein fare for vegvesenarbeidarane om dei skulle gje seg i kast med arbeida før heile bergsida var spylt skikkeleg. Soleis ville det òg vore ein fare for trafikken om ein hadde opna ei køyrebane for styrt gjennomfart før bergsida var reinska opp i.



 

Til toppen