SORIA MORIA: Harastølen blei bygd i 1902 og har stått på ei fjellhylle i Luster til forfall dei siste 25 åra.
SORIA MORIA: Harastølen blei bygd i 1902 og har stått på ei fjellhylle i Luster til forfall dei siste 25 åra. (Foto: Jørgen Nordby)

Snart er det siste sjanse til å sjå Harastølen frå ei svunnen tid

Det majestetiske og falleferdige sanatoriet som prydar fjellsida 500 meter over havet kan ende opp som hotell eller støv på bakken, men i sommar skal det vera lokale for teaterforestilling.

Luster/Stongfjorden: Jeff Pedersen Produksjonar står bak forestillinga Det Gule Tapetet som skal settast opp i etesalen på Harastølen i sommar. Den fyrste helga i august kan det vera siste sjans folk har til å sjå Harastølen i falleferdig tilstand med mykje historie frå tida som tuberkulose- og psykiatrisk sjukehus i veggane.  

Var aldri i tvil om at Harastølen var perfekt 

Pedersen er både skodespelar og regissør, busett i Stongfjorden, og då han oversette Det Gule Tapetet til norsk var han ikkje i tvil om kvar han ynskte å sette det opp som teaterstykke. 

SPENT REGISSØR: Jeff Pedersen vil gjerne bruke Harastølen til fleire prosjekt. Foto: David Zadig

– Eg har lenge hatt lyst til å bruke Harastølen til eit prosjekt og eg har hatt lyst å jobba med skrekkteater som sjanger. Eg vil at skremsel skal ligga djupt og ikkje vera overfladisk, samstundes som det er psykologisk sannferdig og rørande. I Det Gule Tapetet fann eg det eg ynskja meg i ei historie og då tenkte eg på Harastølen med ein gong. 

Han er klar over at mange tenkjer på bygget som både skremmande og ekkelt. 

– Eg trur det som er skummelt er at Harastølen er prega av alt det alvorlege som har skjedd der. Medan me går rundt i bygget prøver me å forstå korleis det ein gong var der og den prosessen blir så overveldande at me blir skremt. Bygningen skal hjelpa folk å oppleva stykket slik eg ynskjer dei skal og i tillegg skal stykket forsterka opplevinga av bygget, seier Pedersen. 

Ei heil helg med opplevingar og kunst 

Han er oppteken av at dei som kjem til Harastølen skal få moglegheita til å oppleve meir enn berre teateret. 

– Me lagar eit større arrangement rundt stykket fordi det tek tid å koma seg dit. Eg håpar å få 800 besøkande til sanatoriet på fire dagar og trekke publikum frå eit større område. Difor vil me gje dei moglegheita til å bruka heile dagen på Harastølen og i Luster. Det blir guida turar, filmframsyning, overnatting og fotoutstilling. Eg ynskjer at det skal ha ein kunstnerisk verdi å vera med på dette. 

Hotelllplanar på Harastølen

Ei investorgruppe har planar om å bygge hotell av Harastølen om dei får nok midlar innan ei gjeve tidsfrist, men snart er denne fristen ute. Om ikkje det blir noko av hotellplanane står Harastølen i stor fare for å bli jevna med jorda og forsvinne for alltid. 

– Det tykkjer eg er forferdeleg trist. Det er så mykje potensiale der oppe og eg har ei heil rekke med teaterstykke som eg kunne tenkje meg å sette opp der fordi dei passar godt, seier Pedersen. 

Vil gjerne produsera fleire teaterstykke i sanatoriet 

Han vil slett ikkje at sommaren skal vera den siste gongen folk får sjå Harastølen sånn som det står i dag. 

–Eg kunne tenkja meg å gå inn i ein avtale om å produsera fleire teaterstykker der etter Det Gule Tapetet, men då treng eg nok ein storebror som partner. Eg tenkjer spesielt på eit teaterstykke som heiter Long Days Journey Into Night. Det handlar om tuberkulose og hadde passa bra inn i historien til Harastølen. 

Til toppen