Aurland: Ein ny elektrisk passasjerkatamaran, Legacy of the Fjords, er på veg til Flåm, opplyser The Fjords til Aurlendingen. Eigentleg skulle båten gå i rute Oslofjorden, men dei planane er droppa. I staden blir Flåm og Gudvangen stoppestadar.
– Med atterhald om at ikkje noko går skeis på tampen, så ventar me at fartøyet skal vera på plass i Flåm første eller andre veka av juli, seier dagleg leiar John Vonli i The Fjords til avisa.
Frå før har reiarlaget Future of the Fjords og hybriden Vision of the Fjords i porteføljen. Dei tre er alle produserte på verftet til Brødrene Aa i Hyen. The Fjords er eigd av Flåm AS og Fjord1.