MANGE KONSERTAR MED VERDSMANNEN I KJØMDA: Dei komande fire dagane skal Ketil Thorbjørnsen spela heile fem konsertar.
MANGE KONSERTAR MED VERDSMANNEN I KJØMDA: Dei komande fire dagane skal Ketil Thorbjørnsen spela heile fem konsertar. (Bilde: Snorre Sandemose)

Snart får han spe på Spotify-spelelista med viltre live-opptak frå Lærdal

Og i Årdal skal han spela på gjenoppstått rockefestival til helga, «Haustrock».

I morgon skal Thorbjørnsen spela på ein konferanse i Sogndal, og so går det slag i slag vidare ut i veka. Alt torsdag vert det to konsertar i Høyanger, bygda han opphavleg kjem frå.

– Det er alltid spesielt å spela konsert i bygda der eg vaks opp, i Høyanger er eg på heimebane, seier Thorbjørnsen.

Fyrst skal han spela på ungdomsskulen i bygda, og fortelja om korleis det er å laga musikk. Og so skal han halda storkonsert med bandet sitt «Verdsmannen» i Høyanger samfunnshus. 

– Eg har ein fast kjerne av musikarar som er med meg i «Verdsmannen», men det varierer litt kor mange musikarar eg har med meg når eg turnerer, seier Thorbjørnsen.   

I samfunnshuset i Høyanger har han med seg seks andre musikantar, fleire av dei er årdøler, som Karl Seglem. Ein annan musikar som er verd å vere obs på, er Steinar Karlsen. 

– Han er ein av Noregs beste bluesgitaristar, seier Thorbjørnsen.

Han legg til at Karlsen ikkje berre er bluesgitarist, han er også «surfegitarist».

Spotifyinnspeling i Lærdal under konserten

Fredag og laurdag skal det same slagkraftige bandet spela i Lærdal og i Årdal, høvesvis. 

På konsertane skal dei spela frå båe platene som dei har gjeve ut, «Verdsmannen» og «Vi treng trøyst». I tillegg skal dei spela nokre heilt nye songar, songar som vil gå inn i ei ny plate bandet planlegg å byrja med å spela inn i januar. 

– Det vert utruleg kjekt å spela i kulturhuset i Lærdal. Det er eit fantastisk lokale, og der har me i tillegg med oss folka frå Lærdal lydproduksjon, plateselskapet vårt.

Plateselskapet kjem til å stå for live-opptaket. 

– Med so bra lokale, so gode lydteknikarar, og Lærdals-publikumet, har me alle føresetnader til å få spela inn flotte live-innspelingar, seier Thorbjørnsen. 

 Hittil er alle songane som bandet har gjeve ut utelukkande spela inn i studio.

– Det vert truleg ikkje lett å redigere live-opptaka etterpå, so det gjeld at me ikkje dummar oss ut, ler han. 

Overraskar med gjestespelar under Haustrock i Årdal

Thorbjørnsen har snart budd tjue år i Årdal, og då passar det fint at sogneturnéen hans vert avslutta just her. Laurdagen er nemleg andre og siste dagen av «Haustrock». Det er ein gamal Årdals-rockefestival som det i år vert blåse liv att i av Hugin Musikkforum, og her vert «Verdsmannen» eit av trekkplastera. 

På Årdals-konserten til «Verdsmannen» skal ein ungdomsskuleelev og også gitarelev frå kulturskulen i Årdal, Celina Gram, halda ei gjesteopptreden saman med bandet. Ho syng i tillegg til å spela gitar, og kjem til å opptre med song: 

– Det er stor stas for henne, og stor stas for oss, seier Thorbjørnsen. 

Til toppen