RASK FRAMGANG: Dette biletet vart teke ved Tyinkrysset for ein månad sidan. No står berre asfalteringa att før vegen vil bli opna for trafikk. Foto: Jan Christian Jerving.
RASK FRAMGANG: Dette biletet vart teke ved Tyinkrysset for ein månad sidan. No står berre asfalteringa att før vegen vil bli opna for trafikk. Foto: Jan Christian Jerving.

Snart kan du køyre her uhindra

Nye E16 over Filefjell nærmar seg med stormskritt, men tunnelen må du vente på endå ei stund til. 

Årdal/Tyin: – Det er stor aktivitet ute, me driv og asfalterar. I løpet av tre veker så er heile hovudvegen heilt ferdig, seier Harald Stadheim, byggjeleiar for den tjue kilometer lange strekninga på Filefjell mellom Varpe Bru og Smedalsosen.

Название
Название

Den delen av vegen som går i dagslys blir då opna og det vert slutt på lysreguleringa som har møtt trafikantane under byggjinga. 

Les også: Markerte gjennomslag i Filefjellstunnelen
Les også: Her ventar dei på at salva skal gå av

Også den seks kilometer lange Filefjellstunnelen er komen langt på veg, men der står elektroarbeidet att. Det byrjar dei med etter jul. Planen er å opne tunnelen til hausten neste år. 

– Det me har trøkk på no er å bli ferdige med vegen utanfor tunnelen før det blir vinter. Det fine vêret dei siste fjorten dagane har hjelpt oss voldsomt når me skal asfaltere, seier Stadheim.

MYKJE SKUM: Det innvendige arbeidet i tunnelen er i stor grad ferdig. Berre dei eletriske installasjonane står att, eit arbeid som tek til etter jul i år. Biletet er frå mars i år, under arbeidet med å montere nesten 100 000 kvadratmeter med skumplater i to lag i tunnelen.

Til toppen