Politiet ber no folk ta kontakt med næraste politistasjon eller lensmannskontor for anten å levere inn ulovlege våpen eller få dei over i lovlege former. Våpen kan også leverast inn anonymt.
Har ein våpenkort på lovlege våpen, men samstundes har ulovlege våpen, risikerer ein ikkje tilbakekall av våpenkortet eller avslag på framtidige søknader når ein nyttar seg av amnestiet.
Alle som vert tekne med ulovlege våpen utom amnesti risikerer inntil to års fengsel. I grove tilfelle er strafferamma fire år. Har ein våpenkort for anna våpen, må ein i tillegg rekne med at dette vert tilbakekalla.
Når ein kjem med amnestivåpen til politiet har ein fleire alternativ:
- Søkja om å få behalde våpenet
- Søkja om å få det registrert, slik at ein kan selje det vidare
- Søkja om å få gjere våpenet ubrukbart (plombering) og slik kunne behalde det
- Levera våpenet inn for destruksjon
Politiet ber om at ein tek kontakt på telefon 02800 om ein treng hjelp eller har spørsmål.