NYTT TILBOD: Fotballtrenarfaget blir no tilbydd som eit fordjupingsemne for studentane på høgskulen i Sogndal. Foto: illustrasjon.
NYTT TILBOD: Fotballtrenarfaget blir no tilbydd som eit fordjupingsemne for studentane på høgskulen i Sogndal. Foto: illustrasjon.

Snart kan du studere fotball i Sogndal

Frå hausten skal Høgskulen på Vestlandet tilby trenarutdanning.

Sogndal: – Me har tru på opplegget og med det integrerte fellesskapet me har her på Campus, så er det alle grunnar til at me skal lukkast. Men du veit aldri, så me er litt spente, seier høgskulelektor Joar Fossøy.

HAR TRUA: Høgskulelektor Joar Fossøy ved Høgskulen på Vestlandet har trua på den nye fotballutdanninga dei til hausten skal tilby som ein del av idrettsbacheloren.
HAR TRUA: Høgskulelektor Joar Fossøy ved Høgskulen på Vestlandet har trua på den nye fotballutdanninga dei til hausten skal tilby som ein del av idrettsbacheloren.

Han er programansvarleg for bachelorutdanninga Idrett og kroppsøving i Sogndal og nyvinninga neste skuleår er at du i tillegg vil få ei trenarutdanning i fotball på vitnemålet.

– Gulrota er at studentane får ein NFF Grasrottrenaren (tidlegare C-lisens) når dei er ferdige. Me jobbar mot vidare lisensiering, men det er ikkje på plass enno, seier Fossøy.

Les også: Mange vil bli drømmetrenarar
Les også: Fotballforsking er vinnaroppskrifta for Sogndal

NFF Grasrottrenaren er det første trinnet av fire på utdanningsstigen til NFF. Det neste er B-lisens, som krev eit års praksis som trenar.

Ein viktig forutsetning for satsinga er samspelet med Sogndal Fotball og kretsen, som dei siste åra har blitt enno tettare. Eit overordna mål er å heve kunnskapsnivået på dei som trenar dei yngre aldersgruppene.

– Sjølvsagt er det mogleg å gå vidare og satsa mot toppfotballen etter å ha tatt bachelor hos oss, men den er i utgangspunktet retta mot barne- og ungdomsfotballen. Det er der behovet er, seier Fossøy.

Til toppen