Årdal: – Tjo og hei kor glade me vart. Eg tykkjer det er flott at han vil ta turen til Utladalen, så me får god omtale av den. Det er han absolutt verdt, seier leiar Marianne Jevnaker i Årdal turlag.

For ho kom det som ei stor og positiv overrasking då ho såg nyheita på sosiale medium.
Trur Monsen vil trivast i årdalsnaturen
NRK samarbeider med DNT om prosjektet, som blir ein del av feiringa av at turforeininga fyller 150 år i år. Målet er å få heile Norge med ut på tur.
Det skal bli gått fire vekeslange turar, som alle altså blir direktesende. Jotunheimen med Utladalen er eitt av dei fire områda som er valt ut. Dei tre andre er Hardangervidda, Vesterålen og Indre Troms.
– Turane blir sende live, minutt for minutt, og me håpar at så mange menneske som mogleg vil henga seg på turfølget. På kveldstid lagar me direktesendingar frå leirbålet, seier Thomas Hellum, prosjektleder for minutt for minutt-sendingen i NRK, på heimesida til DNT.
Lars Monsen har gått Canada på tvers, Alaska og Norge på langs, han har fare med kano langs uttalige elvar i inn og utland, med hundespann over Saltfjellet og Svartisen og på månadslage skiturar. Jevnaker trur årdalsnaturen kan måla seg med det meste.
– Der trur eg han vil lika seg veldig godt. Han likar seg i all natur den mannen, seier ho.
(Artikkelen held fram under biletet.)

Kan gje reiselivet i Årdal eit løft
Årdal har dei par siste åra satsa stort på reiseliv. Slik sett er den vekeslange eksponeringa på NRK som ei gåvepakke.

– Det betyr utruleg mykje sjølvsagt. Ikkje minst fordi Lars Monsen er den han er, og så knytt til dette med friluftsliv. Det gjer at enno fleire vil oppdaga fjellheimen vår, seier Torunn Todal Laberg.
Laberg har fingrane borti det meste som rører seg i reiselivet i Årdal, mellom anna driv ho med opplevingsturisme gjennom Bulder & Brak og marknadsansvarleg for konsernet til Erling Eggum, som eig Klingenberg hotell, Vetti gard, Tya Bakeri og Bar, Sitla hotell og Tangen pensjonat.
Sjølv om reiseruta til Monsen ikkje er heilt spikra, reknar ho det som naturleg at både Skogadalsbøen og Vetti gard blir naturlege stopp når eventyraren skal utforska Utladalen.
– Når dette blir filma så får sjåarane verkeleg oppleva dette dalføret, som eg litt inhabilt meiner er eitt av dei vakraste dalføra som finst, seier Laberg.