OBS-VARSEL: Vêrvarslinga for Vestlandet har sendt ut OBS-varsel frå Boknafjorden i sør til Sognefjorden i nord. Illustrasjonsfoto 
OBS-VARSEL: Vêrvarslinga for Vestlandet har sendt ut OBS-varsel frå Boknafjorden i sør til Sognefjorden i nord. Illustrasjonsfoto 

Snart kjem det til å pøsa ned

 Fare for overflatevatn, flaum, jord- og flaumskred i ettermiddag.

Aurland: – Det er snakk om ganske mykje nedbør, og vi forventar litt problem på vegane. Diverre fryktar vi at denne nedbøren også vil føre til nokre ras utover dagen, seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Tone Kristin Taule på yr.no.

Tidlegare i sommar har E16 mellom Sogn og Bergen vore stengd to gonger over fleire dagar grunna ras - først i juni etter eit ras på Voss og halvannan månad seinare i Gudvangen.

Les også: Kjemperas sperrar E16 ved Voss i lang tid

Les også: – Det føltes ut som ein Hollywood-film​

20-40 millimeter i ettermiddag

Artikkelen held fram under biletet

KRAFTIG NEDBØR: Yr sine prognosar viser at det vil dryppa godt i dei søre, indre delene av fylket. Illustrasjon frå yr.no
KRAFTIG NEDBØR: Yr sine prognosar viser at det vil dryppa godt i dei søre, indre delene av fylket. Illustrasjon frå yr.no

Vêrvarslinga har i samråd med NVE avgjort å sende ut OBS-varsel. Varselet gjeld frå Boknafjorden i sør til Sognefjorden i nord.

Verst ser det ut for Hordaland sin del - i Bergen seier prognosane heile 21 millimeter nedbør i løpet av ein time midt på dagen. Men på grensa til Sogn og Fjordane i indre strok kan det også bli temmeleg kraftig nedbør dei påfølgjande timane. Utifrå Yr sine varslingar i Gudvangen er det snakk om mellom 20 og 40 millimeter på fem-seks timar, frå tidleg i ettermiddag til utpå kveldingen.

– Det er vanskeleg å vite akkurat kvar nedbøren blir verst. Det er difor vi ber folk vere merksame, seier Taule.

 

Til toppen