STÅR BAK: Tre av foreldra som står bak initiativet med å få Kraftbingen til Seimsdalen. Frå venstre: Trond Eirik Jentoftsen, Jan Stian Smedegård og Juraj Chmelar. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
STÅR BAK: Tre av foreldra som står bak initiativet med å få Kraftbingen til Seimsdalen. Frå venstre: Trond Eirik Jentoftsen, Jan Stian Smedegård og Juraj Chmelar. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Snart kjem Kraftbingen

I løpet av hausten satsar initiativtakarane i Seimsdalen på at fleirbruksanlegget er på plass.

Årdal: – Den er i boks no. Me veit ikkje nøyaktig når bingen vil vera klar, men me får den hit i august eller september. Det må gjerast litt grunnarbeid først, men me vil få til det så fort som mogleg, så i løpet av hausten satsar me på den er klar til bruk. Dette veit me meir om når me får snakka nærare med kommunen over sommarferien, seier Jan Stian Smedegård.

Han er ein av foreldra som har jobba med å få Kraftbingen i Seimsdalen på det ledige arealet ved sidan av ridesenteret. Dette er ikkje berre ein tradisjonell ballbinge for ballspel; Kraftbingen har belysning og eit underlag som er eigna for heilårsbruk.

Artikkelen held fram under biletet

UNDERLAG: Ballbingen i Borgund har same underlag som foreldra bak Seimsdalen Nærmiljøanlegg ynskjer til bingen i Seimsdalen.
UNDERLAG: Ballbingen i Borgund har same underlag som foreldra bak Seimsdalen Nærmiljøanlegg ynskjer til bingen i Seimsdalen.

Ønskjer å løfta heile området

– Målet med Kraftbingen er å skapa ein arena for uorganisert fysisk aktivitet. Seimsdalstunnelen har dårleg kvalitet i dag, og me ynskjer å skape trygge rammer for barn og unge i nærleiken.  I tillegg er det nyetableringar og generasjonsskifte på gang i Seimsdalen.

Det spesielle underlaget i Kraftbingen er ikkje berre allsidig; det krev heller ikkje vedlikehald på 15 år. Tradisjonelle kunstgrasunderlag må skiftast kvart femte.

Vidare fortel Smedegård at dei ønskjer å løfta heile området på sikt:

– Å sjå leikeplassen, ridesenteret og strandi under eitt mot framtidige prosjekt er eit poeng. No skal me først få opp Bingen, så har me nokre idear vidare.

Bingen blir delvis finansiert med omsøkte tippemidlar, som kommunen no har forskuttert. I tillegg har det kome bidrag frå ei rekkje private verksemder.

Til toppen