FLEIRE: Ein nøgd trio på toppen av pallen i bedriftsklassen under haustens utgåve av Aurland Triatlon. Når nytt triatlon går av stabelen 7. mai håpar symjeklubben i Aurland idrettslag, som står som arrangør, at fleire bedrifter og lag pluss fleire individuelle vaksne har meldt seg på. Foto: Symjegruppa i AIL
FLEIRE: Ein nøgd trio på toppen av pallen i bedriftsklassen under haustens utgåve av Aurland Triatlon. Når nytt triatlon går av stabelen 7. mai håpar symjeklubben i Aurland idrettslag, som står som arrangør, at fleire bedrifter og lag pluss fleire individuelle vaksne har meldt seg på. Foto: Symjegruppa i AIL

Snart klart for Aurland Triatlon

Arrangørane håpar fleire melder seg på – særskild vaksne og bedriftslag.

Aurland: – Me har hatt det to gonger før, i fjor haust og på våren. No stengjer snart symjebassenget i Aurland fordi det skal oppgraderast, og då håpar me på stor påmelding til triatlonet så mange får sett kva dette er for noko før bassenget stengjer, seier leiar i symjegruppa i Aurland idrettslag, Sandra Johannsen.

Aurland triatlon går av stabelen 7.mai nærmer seg, og påmeldingsfrist er 24. april. Triatlonet består av følgjande distansar for ulike aldersgrupper og lag: 

Distansane for individuelle:

  • 6 - 10 år (t.o.m 4. klasse): 100 m. symjing + 1,6 km. løping (fire rundar på idrettsbana)
  • 10 - 12 år: 100 m. symjing + 4 km. sykling + 1,2 km. løping (tre rundar på idrettsbana)
  • 13 - 15 år: 200 m. symjing + 7 km. sykling + to rundar løping i løypa + to rundar på bana (ca. 2,8 km) 
  • 16 år og opp: 400 m. symjing + 18 km. sykling + tre rundar løping i løypa + ein runde på bana (ca. 3,4 km)

Distansane for lag og bedrifter:

  • 10 - 12 år (frå 5 kl.): 300m symjing + 7 km. sykling + to rundar løping i løypa + to rundar på bana (ca. 2,8 km)
  • 13 - 15år: 500 m. symjing + 14 km. sykling + fire rundar i løypa + to rundar på bana (4,8 km)
  • 16 år og opp + bedrifter: 500 m. svømming + 18 km. sykling + fem rundar i løypa + 1 runde på bana (5,4 km)

Johannsen fortel det har vore bra påmelding i dei yngre klassame til no:

– Men kvar er dei individuelle vaksne og bedriftslaga? Det har vore 26 deltakarar på det meste, men då var det berre ungar, så me håpar det kan bli fleire no. Tanken er at dette kan bli eit årleg arrangement.

Deltakaravgifta er 50 kroner per person og 150 kroner per lag. Påmelding gjer du og meir info om arrangementet får du ved å senda ein e-post til: aurland.svommeklubb@sogn.no

Til toppen