OPNAR: Frå tidleg neste veka opnar Gudvangatunnelen for all trafikk. Arkivfoto: Statens vegvesen/webkamera.
OPNAR: Frå tidleg neste veka opnar Gudvangatunnelen for all trafikk. Arkivfoto: Statens vegvesen/webkamera.

Snart opnar Gudvangatunnelen for alle

Over helga blir Gudvangatunnelen på E 16 opna for fri ferdsle.

Gudvangen:  I forrige veke melde Statens vegvesen at dei rekna med å strenge Gudvangatunnelen i to dagar i starten av neste veke i samband med opprydningsarbeidet etter brannen for to veker sidan. No visar det seg at det ikkje er naudsynt å stenge tunnelen. 

– Me ventar å opne tunnelen for vanleg trafikk rett over helga, men ein må rekne med periodar med kolonnekøyring, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden i ei pressemelding. 

Oversikt over når kolonnane går finn du her. 

Frå onsdag i forrige veke opna vegvesenet for kolonnekøyring for tunge køyretøy utan passasjerar på strekninga fire gongar i døgnet. 

Les også: Opnar opp for kolonne gjennom Gudvangatunnelen

Til toppen