THE FJORDS: Mange ser nok fram til turar på fjorden att.
THE FJORDS: Mange ser nok fram til turar på fjorden att. (Bilde: Sverre Hjørnevik/Flåm AS/Arkiv)

Snart startar fjordcruise på fjorden att - med smitteverntiltak

Det skriv Flåm AS i ei pressemelding.

Sogn: Det er tid for sesongstart av fjordcruise i fjordane på Vestlandet. I år blir det litt annleis enn tidlegare grunna koronasituasjonen. 
 
Fjordcruise på Nærøyfjorden starta opp 20. mai, og no er The Fjords endeleg klar for å syna deg dei andre fjordane òg. The Fjords tek smittevern på alvor og har sett i gong ei rekke med tiltak slik at alle gjestar får ei trygg reise med oss i sommar. Blant anna er kapasiteten på fartøya halvert, går det fram i pressemeldingen. 

Fjordcruise på Sognefjorden frå 15. juni

Fjordcruisesesongen på Sognefjorden mellom Gudvangen og Kaupanger startar den 15. juni, operert av fartøyet Aurland. Oppstarten har blitt utsatt grunna COVID-19 og reiserestriksjonar knyttet til dette. No gler me oss til å ynskja alle nordmenn velkomne om bord for å oppleva Kongen av fjordane, Sognefjorden.

Fjordcruise på Nærøyfjorden starta 20. mai

Fjordcruise med vårt heilelektriske fartøy, Future of The Fjords, starta opp i forrige veke. Fjordcruiset har to daglege avgangar i kvar retning mellom Flåm og Gudvangen i sommar. Me gler oss over å kunne syne det flotte verdsarvlandskapet til gjestene våre att etter nokre månader med pause grunna COVID-19.

Smitteverntiltak på alle fartøy:

  • Halvert passasjerantal
  • Antibac ved alle inn- og utgangar
  • Skilt som minner om avstand og håndvask
  • Matrosar ser til at alle held avstand
  • Betaling med Vipps for dei som ynskjer det
Til toppen