Lærdal: For å få plass til den etterlengta MR-maskina ved Lærdal sjukehus, må det reisast eit nytt tilbygg. Dette arbeidet startar om kort tid, melder Helse Førde i ei pressemelding. Samstundes vurderer å helseføretaket å oppgradera varmesentralen ved lokalsjukehuset i Sogn.

– Ved å slå saman desse prosjekta vil me spara både på investeringar og driftskostnader i høve alternativet, som er å kun bygga MR no og ta energisentralen seinare, seier konstituert direktør for drift og eigedom i Helse Førde, Helge Robert Midtbø.
Helse Førde skriv dei snart har forhandla ferdig med entreprenøren som skal levera tilbygget, og ventar å kunna signera kontrakta innan kort tid. Bygginga vil starta så raskt som mogleg etter at byggeløyvet frå kommunen er på plass, opplyser dei.
Utbygginga for å husa den nye MR-maskina er kalkulert til å villa kosta 20,6 millionar kroner. Med ny energisentral blir det 6 millionar meir. Sjølve MR-maskina kostar 11,8 millionar kroner, 10 av dei vart samla inn av lokale krefter.