Aurland: Alle straumkundar i heile Noreg skal ha nye og smarte straummålarar innan 1. januar 2019. Dei smarte målarane opnar både for nye tariffar og ny funksjonalitet.
I Aurland startar dei utskiftingane neste år og skal vere ferdige i juli 2018.
Når det gjeld tariffane er det ikkje noko som er bestemt enno. Men e-verkssjefen trur det i framtida er effekten som vil bety noko, ikkje forbruket.

– I praksis betyr det at viss du har høgt forbruk i ein time, så svir det, seier han.
Målarane opnar òg opp for at du kan styre straumforbruket og funksjonar i huset på telefonen din, eller via andre displayløysingar. Dette er tilleggsløysingar som folk må skaffe seg sjølve.
– Det kan vere at når du går ut av døra, så blir alle lysa slått av i huset og temperaturen senka. Målarane kan kjenne att ditt mønster, så den veit når du kjem att frå jobb og kan gjere klar huset. Det er berre fantasien som set grenser for korleis dette kan brukast, seier Vangen.
Les også: Reknar med låge straumprisar i mange år
Les også: Regjeringa vil fjerne nettleigeutjamning
Snart kan du selje straumen du har til overs
I tillegg kan dei nye målarane registrere energi i begge retningar.
– Det vil seie at viss Norsun får selt masse solceller i området her, så kan kundar som har solcellepanel levere straum tilbake til nettet viss dei har for mykje, seier han
Og legg til at det same sjølvsagt gjeld for vindkraft, om du skulle velje å satse på det i staden.
Les også: Kraftselskap kan tapa stort på foreslått krav
Med utviklinga av batteriteknologi til hus og den stadig aukande populariteten til el-bilar, er dette noko som kan bli enno meir aktuelt i framtida.
– Sjølv om vi ikkje veit heilt sikkert korleis dette blir, så er det uante moglegheiter, seier han.
Du må ta kostanden
Smarte målarar vil òg gjere det lettare å overvake ditt eige kraftforbruk, følge med på prisar og byte straumleverandør. For e-verka sin del vert det lettare å overvake nettkvaliteten og oppdage feil, eller fjernutkople kundar dersom det vert behov for rasjonering.
Les også: Søkjer Enova om støtte til landstraum
For Aurland Energi sin del er det snakk om 5-6 millionar i investeringar. Men til sjuande og sist er det kundane som må ta kostnaden, i form av høgare nettleige.
– Men det er ikkje sikkert at det blir så voldsomt merkbart. Dette er ei investering som skal vare i tiår, seier Vangen.