SNIGLESESONG: Norske hageeigarar rustar seg til sniglesesongen. Kjølig vêr har ført til at snigleaktiviteten så langt i år har vore lågare enn vanleg, ifølgje NIBIO.​Foto : Berit Roald / NTB scanpix / NPK
SNIGLESESONG: Norske hageeigarar rustar seg til sniglesesongen. Kjølig vêr har ført til at snigleaktiviteten så langt i år har vore lågare enn vanleg, ifølgje NIBIO.​Foto : Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Sniglane kjem!

Norske hageeigarar rustar seg til sniglesesongen. Kjølig vêr har ført til at snigleaktiviteten så langt i år har vore lågare enn vanleg, ifølgje NIBIO.

I den siste vårmånaden begynner nordmenn å ruste seg til sniglesesongen. Etter at brunsnigelen dukka opp i Noreg i 1988, har vi så langt ikkje blitt kvitt den. Det kjem ikkje til å skje i år heller, seier Erling Fløistad ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Ås utanfor Oslo.

– Nei, men spreiinga kjem an på transporten. Brunsnigelen spreier seg ikkje av seg sjølv, men kan flytte seg til nye område via jord, planter eller krype inn i kasser som har stått på bakken. Om ein kjøper planter, kan det vere lurt å ta av potta for ein ekstra sjekk, påpeikar Fløistad.

Lokale variasjonar

Brunsnigelen er utbreidd frå svenskegrensa til Troms. Fløistad seier at hageeigarar på Austlandet førebels har mest grunn til å vere fornøgd så langt i år.

– Sniglesesongen har blitt utsett enkelte stadar, der kalde netter og solfylte dagar har vore den beste hjelpa frå naturen. Det må vere ein jordtemperatur på over seks grader for at sniglane skal vere aktive, ein temperatur vi målte første gong 10. april hos oss, seier han.

Rådgjevaren oppfordrar den jamne sniglejeger til å vere nøye med å luke. Dei brune skapningane liker tette og fuktige gøymestadar.

– Det trengst ikkje meir enn ei rose med litt ugras for huse både to og tre sniglar.

Manar til samarbeid

Medlemmer av Det norske hageselskap er blant dei som no begynner å rette merksemda mot sniglekampen.

– Vi får alle slags spørsmål, både om snigleplukking og førebygging. I det første tilfellet har jo sniglane allereie komme, så det er nok lurt å vere klar i forkant, seier konsulent Sølvi Svendsen.

Sjølv om sniglane er eit tilbakevendande problem, meiner ho nordmenn er blitt flinkare til å kjempe imot dei uønskte dyra.

– Fleire brukar middelet Nemaslug, noko som har vist seg å hjelpe. Dessutan kan samarbeid med naboane vere avgjerande. Sniglane kan framleis komme frå plenen hjå andre sjølv om ein gjer mykje rett sjølv. Det er same problematikk vi blant anna ser med løvetann, seier ho.

(©NPK)

Til toppen