STENGDE VEGAR: Feire fjellovergangar er stengde, og det er innført kolonnekøyring ved andre. Sjå oversikta nedanfor.
STENGDE VEGAR: Feire fjellovergangar er stengde, og det er innført kolonnekøyring ved andre. Sjå oversikta nedanfor. (Foto: Ole R. Sælthun/ Arkiv)

Snø har stengd fleire vegar dei siste dagane, her er status på fjellovergangane

Det store snøfallet som har kome dei siste dagane har ført til vanskelege køyreforhold i fjella, og fleire vegar og fjellovergangar har vorte stengde.

Indre Sogn: Meteorolog Hanne Beate Stokkør ved Meteorologisk institutt, varslar at det vil koma meir snø ut veka.

– På onsdag skal det koma større mengder snø, sjølv om temperaturen vil ligga kring 0 grader, opplyser ho. 

Dette er status på fjellovergangane:

Vegtrafikksentralen ved Statens vegvesen oppdaterer tilhøva på vegane fortløpande. Her er status på fjellovergangane i og kring Indre Sogn, per no.

E16 Filefjell - Ope, fare for kolonne på kort varsel

E134 Haukelifjell - Kolonne

Rv 7 Hardangervidda - Kolonne

Rv 52 Hemsedalsfjell - Ope, fare for kolonne på kort varsel

Rv 13 Vikafjellet - Stengt, ny vurdering onsdag klokka 10:00.

Rv 15 Strynefjellet - Ope

Fv 50 Aurland-Hol - Ope

Fv 53 Årdal-Tyin - Ope

Til toppen