Indre Sogn: Snø og storm kan stenge fleire fjellovergangar i helga.

– Det går ikkje med sommardekk i Sør-Noreg no, seier Statens vegvesen til NRK.
Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol og E16 over Filefjell er alle dekt av snø fredag føremiddag, skriv avisa.
Farevarsel
Meteorologisk institutt varslar om vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Noreg. Pa Austlandet er farenivået auka til raudt i påvente av sterke vindkast.
Ifølgje avisa har vegtrafikksentralen fått fleire meldingar om snø frå både bilistar og brøytesjåførar.
– Det er vekslande køyreforhold, men det går ikkje med sommardekk i fjellet i Sør-Noreg no, sa Trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen region vest, Tom Hansen til NRK.
– Viss det kjem meir snø med den vinden som er meldt, kan vi måtte stenge nokre fjellovergangar, la han til.