SNØ PÅ FJELLET: Vinteren har kome for fullt, og på Tyinosen ser det slik ut fredag morgon. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
SNØ PÅ FJELLET: Vinteren har kome for fullt, og på Tyinosen ser det slik ut fredag morgon. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Snø på fjellovergangane

Har du tenkt deg over fjellet fredag, må du ha vinterdekk.

Årdal/Lærdal: Vinteren er komen for fullt i fjellet, men førebels ser køyreforholda greie ut over fjellovergangane med nokre glatte og nokre bare parti.

Skal du på farten i helga, bør du få med deg følgjane vegmeldingar.

Først og fremst er det snø- og isdekke over Filefjell i morgontimane fredag. På E16 er det også to stengingar, som har pågått i lang tid no.

I Lærdalstunnelen er det vedlikehaldsarbeid som kan gi 20 minutt venting. På Filefjell er det vegarbeid som kan gi 30 minutt venting. Sistnemnde gjeld i berre nokre dagar til fram til 1. desember.

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det vekslande bart og snø- og isdekke. Like før 06.00 vart det meldt om snøbyger der og laber bris.

Til slutt er det vekslande bart og snø- og isdekke på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin også. Også her var det snøbyger fredag morgon. 

Til toppen