LIK FRONT: Forskjellen på GLC og GLC Coupé synest frå frontvindauget og bakover. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
LIK FRONT: Forskjellen på GLC og GLC Coupé synest frå frontvindauget og bakover. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Snobbete familie-SUV

Kupéutgåva av Mercedes-Benz GLC er elegant og dyr. Det er opplagt kva motor dei fleste kundane i Noreg vil velje.

Den mellomstore SUV-en til Mercedes-Benz, GLC, kom i fjor, da han tok over for GLK. Designmessig var han litt skuffande. Forgjengaren var eit kantete alternativ i eit bilsegment der nær sagt alle ser like ut. Med GLC var kantane borte, og faren for at ein ikkje finn igjen bilen på parkeringsplassen på kjøpesenteret, er til stades.

Han er støypt i den same forma som alle andre.

No er Mercedes-Benz klar med ein variant som har meir å by på reint estetisk, GLC Coupé. Den følgjer den same tanken som X4 frå BMW, der taklinja har kupé-profil. Det gjer at bilen er fire centimeter lågare enn ein standard GLC, noko som påverkar takhøgda i bakseta. Ein høg sveis blir flata ut. Bagasjerommet har i tillegg 50 liter mindre volum, utan at det er noko stort problem. Det er på 500 liter.

Veldreidd bakende

Dei to GLC-versjonane har ulik hekk, og det er dette som er det estetiske høgdepunktet ved kupéversjonen. Bilen tar seg best ut skrått bakfrå, der du ser den elegante taklinja som endar i ein kraftig, men samtidig veldreidd bakende.

I det heile har Mercedes-Benz fått til ein mykje betre utsjånad enn det BMW har klart med X4. BMW-en ser ut som han er sett saman av to ulike bilar over og under vindauga, mens Mercedes-Benz har fått til eit meir heilstøypt design.

Testbilen har den minste motoren som er å få, ein diesel på 170 hestekrefter. Kombinert med ei ganske høg vekt, nesten 1,8 tonn, verkar ikkje dette å vere ein motor som matchar det ytre – på papiret i alle fall. Men det fungerer overraskande bra. Han er faktisk ganske livleg, godt hjelpt av ei rask nitrinns automatgirkasse, og byr på rikeleg med køyreglede.

Artikkelen held fram under biletet

DETALJAR: Bak finn du kromlister og ein liten hekkspoiler.
DETALJAR: Bak finn du kromlister og ein liten hekkspoiler.

Fint understell

Understellet på bilen hjelper godt til. Det er veldig fint sett opp og tar vare på både komfort og stivleik, slik at bilen tar svingane utan å krengje for mykje på dårleg asfalt utan at flassen losnar.

Innvendig er det eit standard Mercedes-interiør. Ikkje av den nyaste typen, slik vi finn det i E-klassen, men med ein layout som går igjen i dei modellane som har vore på marknaden nokre år. Kvalitetsmessig er det ikkje noko å utsetje på sakene, men det ser ikkje så veldig elegant ut. Særleg den frittståande skjermen som stikk opp frå dashbordet, ser billig ut. På den andre sida fungerer alt utmerkt, og det er svært intuitivt å bruke.

Betre alternativ

Til å vere ein middels stor SUV har bilen eit høgt nivå på det aller meste, noko du òg må betale for. Nærare 650.000 kroner før ein kjem til ekstrautstyrslista er friske saker. Prisen ligg 45.000 over ein tilsvarande standard GLC.

Samtidig er det ei annan motorisering som det er grunn til å tru at dei fleste vil velje, den ladbare hybriden GLC Coupé 350e. Bilen byr på nær det dobbelte i samla motoryting og ein lågare utsalspris.

Artikkelen held fram under biletet

STANDARD: Interiøret er i typisk Mercedes-Benz. God kvalitet, men ikkje så moderne som det ein finn i til dømes E-klassen.
STANDARD: Interiøret er i typisk Mercedes-Benz. God kvalitet, men ikkje så moderne som det ein finn i til dømes E-klassen.

Kven som vil leggje i meir for å kjøpe ein dieselmotor når 350e finst, er ikkje lett å forstå. Sånn sett kjennest det ganske meiningslaust å seie at 170 hestekrefter faktisk er greitt i denne bilen når ein kan leggje 35.000  mindre på bordet og få 150 hestekrefter meir.

Samtidig er det éin ting som ikkje peikar i retning av den ladbare hybriden. Bagasjeplassen krympar til litt stusslege 336 liter. Det er så å seie det same som i ein Mercedes-Benz A-klasse.

 

Til toppen