SNØ: Torsdag morgon vakna mange til at det snødde både i Lærdal og Årdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
SNØ: Torsdag morgon vakna mange til at det snødde både i Lærdal og Årdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Snøen forsvinn i løpet av dagen 

Men neste veka vil vårvêret slå inn for fullt. 

– På førehand prøvde me å advara om at det ville koma litt snø i dag, seier Geir Ottar Fagerlid, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, vêrvarslinga på Vestlandet. 

Både i Årdal og Lærdal vakna folk til at det snødde torsdag morgon. Men ifølgje meteorologen, vil snøen forsvinne ut over ettermiddagen. 

Neste veke kjem vårvêret

Fredag ser det ut som det skal bli betre vêr utpå dagen. Snøen som kom torsdag morgon vil forsvinna i løpet av ettermiddagen. 

– Det er venta sol og stigande temperaturar frå fredagen. Natt til laurdag vil det koma ein del regn, så snøen som har lagt seg vil vertfall forsvinne med regnet, seier Fagerlid. 

Sjølv om temperaturen vil stige, vil det framleis vera minusgrader om natta i låglandet. Laurdag er det spådd at det vil vera fire til seks varmegrader. 

– Mandag, tysdag og onsdag neste veke vil temperaturen stige til mellom 10-12 plussgrader. Om natta vil det gå ned til mellom 3-5 grader. No ser det ut som våren er på veg for fullt, seier Fagerlid. 

Det vil derimot ikkje bli heilt skyfritt neste veke heller, og det vil mest truleg koma litt regn, men her er det ikkje snakk om store mengdene. 

Unngå skitur på laurdag

Torsdag føremiddag ligg temperaturen på Filefjell på -12 grader. Slik vil det halda fram til og med fredag. Etter det kjem mildvêret og temperaturen kan stige til 0 grader i fjellet. 

– Det kjem eit lågt skydekke, noko som medfører at det ikkje vil vera særleg til turvêr på laurdag og søndag. Om ein ønskjer seg ein fin skitur, burde ein reisa opp på fjellet fredag, eller vente til neste veka. Eg anbefala ingen å ferdast i fjellet på laurdagen, seier Fagerlid. 

Til toppen