STENGT: Sognefjellet er stengd grunna snøen. Ny vurdering blir tatt sundag kl. 08.00.
STENGT: Sognefjellet er stengd grunna snøen. Ny vurdering blir tatt sundag kl. 08.00. (Statens Vegvesen sitt trafikkamera)

Snøen skapar trøbbel på vegane: Tindevegen og Sognefjellet stengd

Sognefjellet opnar ikkje laurdag.

Sognefjellet: Sognefjellet er stengd grunna snø. 

– Det var vore folk der oppe som tok avgjerda om å stenge overgangen, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan i Vegtrafikksentralen. 

Det vil bli gjort ei ny vurdering sundag morgon, skriv Vegtrafikksentralen. 

 STENGD: Også Tindevegen er stengd grunna snø. Foto: Tindevegen sitt trafikkamera.

Politet skriv også på Twitter at det er dårleg føre og snø på Tindevegen. 

Frank Eldegard, dagleg leiar i Tindevegen, opplyser til Porten.no at vegen er stengd grunna snøfallet. 

Porten kjem tilbake med meir. 

Til toppen