Sogndal: Resultata vert presentert på Fjellsportfestivalen i Sogndal 22. februar, men det er ingen tvil om at svara vil ha mykje å seie for eit fylke som Sogn og Fjordane, der potensialet for vinter- og skiturisme er stort.
Vestlandsforsking har drøfta framskrivingane med representantar for skianlegg og destinasjonsselskap og diskutert strategiar for tilpassing til varmare vintrar.
Vinterturismen har auka med 30 prosent i Fjord-Noreg siste frå 2000 med ein auke i vintertrafikken på 20.000 gjestedøgn. Difor kan manglande snø vere ei reell problemstilling for nokre område i fylket.
Historisk satsing
Forskingsprogrammet for innovasjon og verdiskaping i reiselivet har som utgangspunkt at reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane har eit natur- og kulturgrunnlag i verdsklasse – men at dei per i dag ikkje utnyttar potensialet.
– Dette er den største satsinga på næringsretta forsking og utdanning her i fylket nokon gong. Me skal skape ei betre reiselivsnæring i Sogn og Fjordane, og me skal utdanne fleire flinke folk til å drive næringa. Men då treng me næringa med i prosjektet, seier Jan Heggheim, som er fylkesdirektør for næring og kultur og er med i stryingsgruppa for forskingsprogrammet.
Forsking skal gjere reiselivet sterkare
Reiselivsnæringa i fylket utgjer i dag om lag ti prosent. Det gjer ho til ei av dei viktigaste næringane i Sogn og Fjordane. No skal forsking gjere næringa endå sterkare.
– Forskingsprogrammet skal vere relevant i alt me gjer. Me har alt fleire interessante delprosjekt i gang og på trappene. Me vil blant anna måle effekten av større arrangement, kva ringverknadar har dei for lokalsamfunna rundt seg?
– Eit anna spennande tema er nye fartøy, mest aktuelt no er Visions of the Fjords, som i sommar starta å frakta turistar på Nærøyfjorden. Kva effekt har ei slik nyskaping for reiselivet i regionen og i heile fylket? Dette er ting me ønskjer å få svar på, seier Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge og leiar av styringsgruppa for forskingsprogrammet.