KØ I VENTE: Skal du over Vikafjellet dei neste timane, må du truleg belage deg på å stå ein stund i kø.
KØ I VENTE: Skal du over Vikafjellet dei neste timane, må du truleg belage deg på å stå ein stund i kø. (Foto: Arkiv)

Snøras på Vikafjellet - vegen er stengt

Vegen vert opna tidlegast klokka 17, melder vegtrafikksentralen.

Riksveg 13 Vikafjellet er stengt på grunn av snøras. Brøytemannskap og entrepenør er på veg til staden, 

Raset skal ha gått i Hola-svingene, og dekkjer vegen med om lag ein meter. 

– Entrepenør er forventa å komme fram litt før halv to, seier operatør i vegtrafikksentralen Tom Erik Englaugstad. 

Tidlegast ope klokka 17

Englaugstad kan ikkje seie noko om når vegen opnar att, men entrepenør har gitt beskjed om at dei trur vegen vil verte stengt til tidlegast klokka 17.

– Dei er nødt til å vurder når dei er på plass, men på grunn av fare for fleire ras, kjem dei truleg til å opne seinare i dag når alt snø er luka vekk. 

– Dette kan samstundes endre seg, når entrepenøren har kommen opp på staden, seier Englaugstad. 

Til toppen