Rett før kl 16 søndag blei det meldt om eit snøskred på Filefjell. Det er enda ingen opplysningar om at personar skal vere tatt i skredet, men det er funne skispor i nærleiken.
Rundt kl 17 gjekk eit helikopter over området. Andreas Bull ved Hovudredningssentralen på Sola fortel til NRK at det er ingenting som tyder på at det er folk i skredet.
– Det er skispor i nærleiken, men ikkje i direkte tilknyting til skredet. Skispora går på oversida av skredet, men vi søkjer gjennom for å få verifisert at det ikkje er folk der.
Oppdatering: Ingen personar blei tekne av skredet og aksjonen på Filefjell er no avslutta.