SKRED: I 14-tida kom meldinga om at redningsaksjonen var avslutta. Foto/video: Christian Blom.

Redningsaksjonen er avslutta

Det vart slått full alarm i Luster, då 7-8 personar ifølgje eit vitne hadde blitt observerte i nærleiken av stort snøskred i Jostedalen.

Luster: Politiet opplyser om den avslutta redningsoperasjonen klokka 13:55, knappe to timar etter at luftambulanse, redningshelikopter og frivillige skredressursar fra Røde Kors Hjelpekorps hadde rykka ut til staden.

– Etter mellom anna søk fra lufta, blir det konkludert med at ingen er tekne av snøskredet, eller oppheld seg i området der det har gått snøskred, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Det var klokka 12:18 at politiet fekk melding om at det hadde gått eit snøskred i Jostedalen. Skredet skal vera omlag 50 meter breitt og 200 meter langt.

SKRED: Politiet fekk melding om skredet kl. 12:18 måndag. Foto: Skjermdump/Google Maps

– Det er observert 7-8 personar i nærleiken av skredområdet. Ingen er stadfesta tekne av skredet. Naudetatar og andre hjelpemannskap er på veg mot staden, opplyste politiet då.

Aksjonen avblåsen

Skredet skal ha gått ved Øvre Myklemyr i Jostedalen, i retning Leirdal. Då den lokale skredgruppa hadde kome fram, måtte dei venta på klarsignal før dei tok dei kunne ta seg inn i området.

– Eit redningshelikopter er inne og søker over staden. Me avventar til me får fleire indikasjonar på kva som har skjedd. Det er så vanskeleg terreng, at me kan ikkje gå inn der utan luftstøtte, sa Geir Ove Optun, fagleiar i skredgruppa i Sogn og Fjordane, klokka 13:27.

Like etter kunne politiet opplysa at det ikkje var sett spor i nærleiken av skredet.

– Ingenting som tyder på at personar er tekne, skriv dei klokka 13:40.

Knappe tjue minutt etter der igjen kom meldinga om at redningsoperasjonen var avblåsen.

Falsk alarm

Vitnet som ringte inn til politiet meinte å kunna sjå at det folk i skredet som var utløyst, medan undersøkingar altså viste at det ikkje var ferske spor i området.

Sjølv om innringaren såg feil, meiner operasjonsleiar Per Algerøy i politiet at det var heilt rett å melda frå.

– Det var lange avstandar dette er observert på, og ikkje alltid så lett og sjå, seier han.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

FRÅ BERGEN: Redningshelikopter er på veg frå Bergen til skredet i Jostedalen. Foto: Arne Ristesund/BA
Til toppen