SNØSKRED: NVE varlar om betydeleg fare for snøskred. Sundag gjekk det skred ved Bakka i Aurland, melder Statens vegvesen. Foto: Norgeskart.
SNØSKRED: NVE varlar om betydeleg fare for snøskred. Sundag gjekk det skred ved Bakka i Aurland, melder Statens vegvesen. Foto: Norgeskart.

Snøskredfare og stengte vegar

Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, melder om betydeleg fare for snøskred. Sundag sendte NVE ut varsel med faregrad 3 for indre Sogn. Det gjeld fram til tysdag.

– Mykje snø og vind, aukar faren for skred. Det er betydeleg snøskredfare, og det kan gå enkelte skred naturleg, slik som på sundag. Snøskreda kan lett løysast ut om ein står på ski, i fjellsider og der det har bygd seg opp snø, slik som i leområde der det samlar seg fersk fokksnø, seier Emma Barfod, vaktleiar ved Snøskredvarslinga varsom.no

Ny vurdering av snøskredfara for tysdag og onsdag, kjem måndag ettermiddag. Barfod oppfordrar folk om å følge med på NVEs snøskredvarsel varsom.no. 

Skred og stengte vegar

Sundag klokka 13.30 vart det meldt inn fleire naturlege utløyste laussnøskred i området Fv 241 Gudvangen - Bakka til NVE. 

Statens vegvesen melder måndag morgon at vegen ikkje blir opna i dag, grunna fare for skred. 

– Det har gått skred på Bakka i Aurland, men det var ikkje så mykje som kom. Me er mest uroa for det som kan koma. Vêret er utstabilt og det er ikkje trygt å opne i dag, seier Ketil Molvær, vaktoperatør på vegtrafikksentralen Vest i Lærdal. 

I tillegg er Fv 50 Hol - Aurland stengt og blir ikkje opna i dag. Ifølgje Molvær har det gått snøskred ved Østerbø, mens det er fare for meir.

Trafikkmeldingar frå Statens vegvesen finn du HER

Større skredfare vestover

Lenger vest i Sogn og Fjordane, har NVE sendt ut varsel med faregrad 4, som betyr stor fare for snøskred. 

Barfod ved Snøskredvarslinga, oppfordrar folk om å vera ekstra observant i grenseområda mellom faregradane 3 og 4. 

 

 

Til toppen