SNØ i FJELLET: Biletet er frå Tyinosen på Fv 53 Tyin - Årdal klokka 9 måndag morgon. Foto: Webkamera/ Statens vegvesen
SNØ i FJELLET: Biletet er frå Tyinosen på Fv 53 Tyin - Årdal klokka 9 måndag morgon. Foto: Webkamera/ Statens vegvesen

Snøslaps og sluddbyger i fjellet

Skal du over fjellet måndag må du bu deg på både vanskelege køyreforhold med både sterk vind og snø over 800 til 1000 meter. 

Sjølv om måndag markerer starten på den første sommarmånaden, er det lite som tyder på sommarstemning i fjellet. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for mellom anna Vestlandet sør for Stad.

OBS-varsel

Det vil koma lokalt mykje nedbør på Vestlandet sør for Stadt. Frå måndag føremiddag sørvest sterk kuling på kysten og i fjellet, som vil minke utover måndag kveld. Vind og snø over 800 til 1000 meter vil gi vanskelege køyrefohold i fjellet. I høgfjellet Jotunheimen - Trollheimen vil det måndag ettermiddag vera forbigåande storm. 

Vêret på Porten.no kan du sjekke her

Snø og sludd

Statens vegvesen melder om vekslande snøslaps, bart og vått over Fv 53 Tyin - Årdal. Klokka 9 måndag morgon var det 0 grader, laber bris, og sluddbyger. 

Fv 50 Hol - Aurland har også 1 grad, liten kuling og snøbyger. Også her skal det vera vekslande snøslaps, bart og vått klokka 9.

Over Rv 52 Hemsedalsfjellet er det også meldt om veksande snøslaps, bart og vått. Klokka 9 var det 1 grad, frisk bris og sluddbyger. 

Oppdaterte trafikkmeldingar frå Statens vegvesen finn du her

Minnar også om at E16 over Filefjell er steng på grunn av vegarbeid. 

Les også: Vegarbeid stenger E16 i juni

Til toppen