OPNAR SNART: Snøvegen mellom Lærdal og Aurland opnar onsdag 1. juni. Foto: Jan Christian Jerving.
OPNAR SNART: Snøvegen mellom Lærdal og Aurland opnar onsdag 1. juni. Foto: Jan Christian Jerving.

Snøvegen opnar onsdag​

Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal opnar onsdag 1. juni.

Aurland: Fjellvegen, som også vert kalla snøvegen, opna i 1967 og var først ein anleggsveg. Vegen går frå Lærdalsøyri til Aurlandsvangen over fjellet med eit toppunkt på 1306 meter over havet.

Vegen vert stengt om vinteren, men onsdag denne veka skal vegen opnast att ved Kvammadalen bru på Aurlandssida og ved Vardahaug på Lærdalssida.

Sjølv på store delar av sommaren ligg det snø på fjellet her, og det er difor turistvegen også har fått namnet snøvegen.

Til toppen