SNUOPERASJON: Anders Lereng scora eitt av måla då samarbeidslaget snudde 0-2 til 3-2-siger mot Balestrand søndag. Arkivfoto: Elin Hæreid.
SNUOPERASJON: Anders Lereng scora eitt av måla då samarbeidslaget snudde 0-2 til 3-2-siger mot Balestrand søndag. Arkivfoto: Elin Hæreid.

Snudde og vann toppkampen​

Medan Syril gav frå seg to poeng mot Fure.

Årdal 2/Jotun/ÅTIL – Balestrand 3-2

Med to kampar att å spele denne hausten, er det no Årdal 2/Jotun/ÅTIL og Syril som er i førarsetet for førsteplassen.

Medan Syril tapte to viktige poeng heime mot Fure søndag, gjorde årdølene jobben mot Balestrand.

Sigeren kom ikkje av seg sjølv, og hadde det ikkje vore for fem-seks knallgode minutt av vertane, kunne det fort ha enda med poengtap.

– Me spelte ikkje eigentleg nokon dårleg første omgang. Me var veldig mykje på deira bandehalvdel, men me skapte ikkje så mykje sjansar. Det gjekk litt seint, det gjekk på tvers og bakover og Balestrand kunne ligga bakpå og kontra – noko dei også gjorde, fortel trenar Geir Kjetil Øvstetun til klubben si heimeside.

Til pause stod det 2-0 til Balestrand etter scoringar frå Ibro Mesic og Fredrik Myklebust. Slik såg det også lenge ut i 2. omgang, men i det 65. minuttet kom reduseringa frå Marius Loftheim.

Då løfta heimelaget seg, og i løpet av dei neste fem minutta hadde både Anders Lereng og Kenth Lægreid funne nettmaskene og snudd kampen. 

Samarbeidslaget går dermed opp på ein 2. plass på tabellen, poenget bak Syril, som må snuble mot Hyllestad/Dale 2 eller Førde 3 dersom årdølene skal ha sjanse på 1. plassen.

Årdal 2/Jotun/ÅTIL må på si side gjere jobben mot Askvoll/Holmedal og Bjørn i sine to siste kampar. 

Sistnemnte spelte mot Førde 3 fredag før helga. I den kampen enda det 2-2.

Til toppen