VARM VINTERFERIE: Elevrådsleiar Synne Lerum Fredheim og lærar og fagkoordinator for samfunnsfag ved Årdal VGS, Monica Vigdal gjer seg klare for å oppleva livet på landsbygda i Sør-Afrika. Foto: Ina Eirin Eliassen
VARM VINTERFERIE: Elevrådsleiar Synne Lerum Fredheim og lærar og fagkoordinator for samfunnsfag ved Årdal VGS, Monica Vigdal gjer seg klare for å oppleva livet på landsbygda i Sør-Afrika. Foto: Ina Eirin Eliassen

Snuser på å byggje skule i Afrika

Synne Lerum Fredheim og Monica Vigdal, ved Årdal vidaregåande skule, reiser om kort tid til Sør-Afrika for å hente heim inntrykk og for å skapa engasjement for internasjonalt arbeid her heime.

Synne Lerum Fredheim er elevrådsleiar og Monica Vigdal er lærar og fagkoordinator for samfunnsfag, ved Årdal VGS. I vinterferien skal dei besøke Barnehjelp Afrika, ein hjelpeorganisasjon som er stifta av psykolog Per Steinar Melås, i Eshowe, nord for Durban i provinsen Kwazulu-Natal.

Der skal Fredheim og Vigdal sjå og oppleva landsbygda, for så å ta inntrykka med seg heimatt. Våren skal dei nytte til å motivera elevar og å organisera prosjektet ved Årdal VGS. 

Vil starte hjelpeprosjekt

I første omgang har Årdal VGS planar om å byggje eit skulebrukshus i Sør-Afrika. 

VIL SKAPA ENGASJEMENT: Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal VGS fortel skulen ikkje berre vil gje pengar, men ha eit konkret internasjonalt prosjekt å jobbe med.
VIL SKAPA ENGASJEMENT: Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal VGS fortel skulen ikkje berre vil gje pengar, men ha eit konkret internasjonalt prosjekt å jobbe med.

– Kvifor gjer de dette?

– Me prøvar dette for å skapa samfunnsengasjement hos elevane, men også blant tilsette ved skulen. Turen er ein start, så får me sjå kvar det fører oss. Me ønskjer ikkje berre å gje pengar, men me vil sjå kva dei skal gå til og vera med å bestemma kva å investere i. Difor har me også bevisst gått bort frå Operasjon Dagsverk. Eg tykkjer det er flott at elevrådet er så tydlege på at dei vil vera med på dette. Me må ha elevar som har engasjement, og kan seie noko om korleis å driva vidare, seier Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal VGS. 

Øvstetun tok kontakt med Per Steinar Melås, etter eit møte der han orienterte om hjelpeprosjektet Barnehjelp Afrika i fjor. Så etter fleire møte med Melås og besøk frå organisasjonen i Sør-Afrika, vart det brått bestemt like før jul, at Fredheim og Vigdal blir med på turen i vinterferien. 

Øvstetun presiserer at reisa er ei førebuing til sjølve prosjeket, og at skulen ikkje har avklara ei endeleg avtale om bygget med Melås.

Kontrastar

– Kva trur du vil møte dykk i Sør Afrika?

– Eg er budd på å møta store kontrastar mellom fattig og rik. Eg har høyrt mykje om landet, og trur dette blir ein spesiell oppleving og veldig mykje nytt. Det vil jo bli noko heilt anna enn det eg har opplevd før, seier Fredheim, som aldri har vore så langt sør i Afrika før. 

 – Eg sa heime at eg kjem vel att med ein unge når eg ser desse små, som går rundt og knappast har noko som helst. Oss som mødre, kjenner jo på det, fortel Vigdal.

Vigdal ser for seg at dei mellom anna må innom ein aids-klinikk, då ho ser det som viktig å få oppleva og kjenna på den harde verklegheita. Ho set pris på at dei alt har blitt kjend med guvernør Stan Larkin og nokre av dei lokale som skal vera med dei ute i landsbyen. 

KLAR FOR TUR: Synne Lerum Fredheim og Monica Vigdal ved Årdal VGS legg ikkje skjul på at dei er spent kva kva dei skal få oppleva i regnbogenasjonen. 
KLAR FOR TUR: Synne Lerum Fredheim og Monica Vigdal ved Årdal VGS legg ikkje skjul på at dei er spent kva kva dei skal få oppleva i regnbogenasjonen. 

Fleire idear etterkvart

– Først vil me skapa engasjement her på skulen, så må me knekka koden på korleis me skal jobbe vidare. Me har begynt med idémylding på kva dei skal gjera for å samla inn pengar og ønskjer at det kjem fleire gode idear etterkvart. Dette er jo noko som elevane skal vera aktive i, fortel Vigdal. 

Om prosjektet blir drive gjennom elevrådet, ei anna gruppe som heile skulen kan delta i, eller ei undomsbedrift, er enno ikkje klart, men dei tek sikta på å hente inn erfaringar også frå andre skuler som i Flora og Sogndal, som har hatt liknande prosjekt. 

Nybrotsarbeid

Øvstetun legg ikkje skjul på at denne måten og tenkje på er ny for skulen. Han ser føre seg at skulebygget skal stå klart innan tre til fire år, og at det krevjer kring 200.000 kroner. Det meinar rektoren at skulen skal klare. 

–  Hovudtanken er at det skal ha noko med skule å gjere. Om me først går for dette, må me ha eit langsiktig perspektiv om dette skal ha nytte. Eit bygg må først på plass, så materiell til å ha inni skulen. Det er mange ting me må læra for å gjera denne jobben, då det er nok av døme på lastebilar som er gitt i utviklingshjelp, som ikkje er brukande til noko. Gjer me feil, må me læra av dei, for så å gå vidare, legg han til.

Det er Årdal VGS, som betalar for turen. For to år sidan, vann skulen ein pris på 50.000 kroner for den beste internasjonale veka i skulesamanheng i landet. Desse pengane skal no brukast til vidare internasjonalt engasjement ved den vidaregåande skulen. 

Til toppen