UVERDIG: "Laksen" var vorte seks bokstavar med ein grå bite gaffateip slengt unennsamt over. Det kjendest uverdig, skriv Ramshus Sælthun. Foto: Privat.
UVERDIG: "Laksen" var vorte seks bokstavar med ein grå bite gaffateip slengt unennsamt over. Det kjendest uverdig, skriv Ramshus Sælthun. Foto: Privat.

MEININGAR

Soga om bygdepuben

Gamle Laksen vil ikkje stå opp att. Kunstsenteret ligg der med sine om lag 500 besøkjande i året - like mange som gamle Laksen samla på eit par kveldar i jula eller påsken, skriv Ole Ramshus Sælthun.

  • Endret

Dette er soga om ein pub med den søte lukta av øl og venskap i veggane. Ein pub som vart til seks bokstavar med ein bite gaffateip klistra over.

Soga starta i 2000. Drifta av Blue Charm - Kafeen med namn like elegant som lokala var lite sjarmerande - vart skild ut frå Norsk Villakssenter. Dei som tok over drifta bygde om lokala til ein klassisk brun pub/restaurant og døypte den "Laksen" - enkelt og greitt. 

Når eg så til slutt vart med på Laksen, kjende eg straks at dette var ein kjekk stad å vera med gode vener.

Eg runda 18 år i 2003 og kunne gå på pub. Kompisane mine snakka varmt om Laksen - eg hadde det ikkje så veldig travelt med å besøkja Lærdals nye samlingsstad. Framleis såg eg føre meg Blue Charm.

Når eg så til slutt vart med på Laksen, kjende eg straks at dette var ein kjekk stad å vera med gode vener. Det kjendest lunt og triveleg med hemsen som vart oss ungdomane "sin" plass, anten me var på tacokveld, biffkveld eller fest.

Besøka på Laksen vart mange. Buffetane på onsdagane, festane 2. og 4. juledag, skjærtorsdag, påskeafta og ein del helger elles. Me snakka om å reisa til Sogndal eller Hemsedal, men det vart sjeldan til - me hadde jo Laksen. Det var vår – dei unge og litt eldre vaksne i eller frå Lærdal - sin samlingsstad.

Det lenge omtala Kunstsenteret skulle realiserast i 2010. Difor måtte Laksen flyttast og byggjast om. Siste gongen me samlast på "gamle" Laksen 4.juledag i 2009 kjendest vemodig, men me trudde og håpte det nye skulle bli like bra.

Men me hadde hatt grunn til å kjenna på vemodet, skulle det visa seg. Ein kompis av meg var på fest på "nye" Laksen påfølgjande sommar. Det hadde ikkje vore noko særleg - lokala var så kalde og opne. Eg tenkte det berre måtte ha vore ein dårleg kveld - me skulle nok få det mykje artig der, lell.

"Laksen" var vorte seks bokstavar med ein grå bite gaffateip slengt unennsamt over. Det kjendest uverdig.

Men slik skulle det ikkje bli. Eit par buffetar og pubkveldar på Laksen seinare var det inga tvil -"nye" Laksen kjendest feil. For det første var lokalet for lite på dagane i jula og påsken når mange ville ut. For det andre kjendest ikkje lokalet koseleg. For det tredje var det verken nokon eigna danseplass eller krikar og krokar (eller hemsar) dei mange vennegjengane kunne setja seg i for å prata. Ja, det var slett ikkje ulikt kantineprega Blue Charm.

Så me slutta å reisa på Laksen. Det var me ikkje åleine om. Difor gjekk det som det gjekk - no i sommar då eg vandra rundt på Øyri kasta eg eit blikk bort på informasjonstavla ved innkøyrsla til Villaks- og Kunstsenteret. "Laksen" var vorte seks bokstavar med ein grå bite gaffateip slengt unennsamt over. Det kjendest uverdig.

Så, kvifor skriva denne soga no? Dei fleste lærdøler kjenner den godt. Gamle Laksen vil ikkje stå opp att. Kunstsenteret ligg der med sine om lag 500 besøkjande i året - like mange som gamle Laksen samla på eit par kveldar i jula eller påsken. Det kan sikkert tolkast som surmaga oppgulp frå ein molefonken ølhund med lite forståing for høgkultur. Og det får vera greitt.

Gamle Laksen vil ikkje stå opp att. Kunstsenteret ligg der med sine om lag 500 besøkjande i året - like mange som gamle Laksen samla på eit par kveldar i jula eller påsken.

Likevel er ikkje føremålet å koma med særs forseinka kritikk av dei som stod bak prosessen med Indre Sogn Kunstsenter/Laksen Pub og Restaurant. Fordi eg ikkje har god nok innsikt i kvifor ”nye” Laksen vart som den vart. Fordi dei som måtte føla seg trefte kanskje kan seia det var vanskeleg å føreseia at dei nye lokala skulle slå så dårleg an.

Nei, poenget er at soga har i seg noko som kan vera verdt å minna om.

Det eine er ein generell moral. Om at dei gode ideane er viktigare i ei lita bygd som Lærdal enn dei store visjonane. Om at ein bør tenkja seg om tre-fire gonger før ein riv ned noko bygdefolket har vorte glade i. For det er slik det kjennest med Laksen/Indre Sogn Kunstsenter - at det "vesle", folkekjære måtte vika for det store, pompøse. At eit senter veldig mange lærdøler tvilte på ville slå an - og som verka frykteleg dyrt med den økonomiske situasjonen Lærdal kommune var komne i då senteret skulle realiserast - reiv ned noko som hadde slått an, fungerte og faktisk gjekk rundt. Difor blir det ei trist soge der alle tapar - lærdøler som saknar samlingsstaden sin, politikarane og kunsten som får skulda for at det er vorte slik.

Det andre handlar om å bruka lærdomane i soga til noko positivt. For då Laksen "forsvann", stod ein ny samlingsstad opp. Kvammes. 

Så - kvifor dette flammande forsvaret av ein bygdepub? Openbert fordi det er bra for ei bygd å ha ein plass innbyggjarane kan møtast i helgene.

I starten kjendest det ikkje som nokon fullgod erstattar. Lokalet husa vesentleg færre så lenge det ikkje gjekk an å eta og drikka ute, og det går jo ikkje an ni av tolv månader i Lærdal - i eit godt år. No 3.juledag var eg og kompisane innom Kvammes. Det var så lenge sidan eg hadde vore der at eg ikkje hugsar når sist gong var. Og mykje hadde skjedd sidan då - fleire avdelingar var pussa opp og opna innover så ein både hadde det opnare lokalet med dansegolv, og rolegare krikar og krokar for den som ville prata. Kapasiteten må ha auka betrakteleg, og lokalet er verkeleg vorte koseleg. Eg var der berre ein times tid, men kjende igjen på kjensla av å vera med folket "mitt" på samlingsstaden "vår".

Så - kvifor dette flammande forsvaret av ein bygdepub? Openbert fordi det er bra for ei bygd å ha ein plass innbyggjarane kan møtast i helgene. Men også fordi eg trur denne kjensla eg hadde 3.juledag er noko mange utflytte lærdøler heime på ferie føler. Som igjen kan gje næring til ein gryande tanke om at det hadde vore fint å flytta heim ein dag. Arbeid, bustad, barnehage, skule og så vidare vil alltid vera avgjerande når ein vurderer å flytta heim. Eller i det heile flytta til ei lita bygd. Men folket i og frå bygda er kanskje viktigast, likevel. Og då må ein ha ein stad å møtast på, også utom sommararrangementa som går av stabelen i løpet av ein månad.

Men det er tungt å driva ein slik plass. Dei som driv og har bygd opp Kvammes, vil gje seg. Tek ikkje nokon over, er det ingen samlingsplass i Lærdal sentrum til jula att, slik det ligg an. Øyringar og ljøsningar kan gjerne ta seg ein tur på Borgundspuben i ny og ne, så absolutt – den har alt ”nye” Laksen ikkje har. Men Lærdal sentrum treng ein samlingsstad for unge og litt eldre vaksne, meinar no eg.

Så klart er det inga kommunal oppgåve å driva bygdepub. Men det kan altså vera ein god idé å stimulera og leggja til rette for at bygdefolket og utflytte heime på ferie har ein slik plass å samlast - særskild når den førre fekk det endeliktet den fekk. 

Ordføraren veit kor viktig det er for ei grend å ha ein samlingsstad. Og kva som må til for å driva pub når marknaden er avgrensa. Det er eit godt utgangspunkt.

Ole Ramshus Sælthun - litt ølhund, mest lærdalspatriot

Til toppen