VIKTIG: – Me ser at det skjer ei nedbygging av kulturarbeid i kommunane, difor blir slike lag spesielt viktige, seier Håkon Lysne, leiar interimstyret som har fått i gang att Lærdal Sogelag. Onsdag er det klart for informasjonsmøte om sogelaget på Norsk Villakssenter klokka 1830. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VIKTIG: – Me ser at det skjer ei nedbygging av kulturarbeid i kommunane, difor blir slike lag spesielt viktige, seier Håkon Lysne, leiar interimstyret som har fått i gang att Lærdal Sogelag. Onsdag er det klart for informasjonsmøte om sogelaget på Norsk Villakssenter klokka 1830. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Sogelaget har planane og ambisjonane klare

No håpar dei folk kjem på informasjonsmøtet onsdag kveld der frammøtte også får servert kåseri av Johs B. Thue.

Lærdal: – Spesielt hadde det vore kjekt å få med nokre yngre. Og kvinner, for der har me null i styret i dag, seier Håkon Lysne.

Aktiviteten i Lærdal sogelag har gått noko oppå og ned. Det første sogelaget vart skipa i 1951 og gjorde mellom anna ein stor jobb med å restaurera husmannsplassen Galdane.

Så døydde aktiviteten hen, før laget vart restarta i 1971. Etter seks år var det slutt, men i 1999 starta ei ny utgåve av Lærdal sogelag oppatt.

– Me gjorde ein ganske stor jobb med å etablera Postmuseet, og me hadde eit samarbeid med Årdal Sogelag om «The Fjord Heritage Club» som låg under «The Fjord Heritage Foundation». Fokuset her var amerikanarane med norske røter; det vart arrangert reiser og skipa til arrangement og dessutan gitt ut fleire hefter i regi av klubben, fortel Lysne.

Posthistorie, utvandringa til Amerika, samferdsle og køyretøy

Dei seinare åra har sogelaget ligge rimeleg brakk att, men no er eit interimstyre med Lysne som leiar på plass. Dei har hatt fleire styremøter og skal arrangera årsmøte i april.

Det viktige no er å koma i kontakt og dialog med folk som kunne vera interesserte i arbeidsfeltet for eit sogelag.

– Difor arrangerer me eit informasjonsmøte onsdag kveld der me vil samla folk, koma i dialog og diskutera litt. Elles vil me orientera om historikk til laget og tankar og planar framover. Ì tillegg blir det kåseri av Johs B. Thue med tittelen «Felles historie og felles kultur som brubyggjar og vegvisar inn i ei ny tid for bygdene i Sogn», seier Lysne.

Møtet finn stad på Norsk Villakssenter frå klokka 1830. Og historisk interesse kan vera så mangt, forklarar Lysne:

– Me har ein del grupper som jobbar med sine interessefelt. Posthistorie, utvandringa til Amerika, samferdsle og køyretøy, til dømes. Eit anna viktig arbeid er å samla inn historisk materiale, både bilete og frå munnlege kjelder. Vidare å systematisera og katalogisera dette materiale for at det igjen skal vera eigna for formidling

– Nedbygging av kulturarbeid i kommunane gjer slike lag spesielt viktige 

Konkret har Lærdal sogelag planar om å gje ut eit historiske hefte til jul, pluss at dei ønskjer å laga eit hefte om Lærdal si spesielle posthistorie.

– Det er ei ganske omfattande historie; Lærdal var postkontor for heile Sogn i si tid, forklarar Lysne. 

Han strekar også under at kulturhistorisk arbeid har tronge kår om dagen, noko som gjer behovet for organisasjonar som eit oppegåande sogelag spesielt stort.

– Me ser at det skjer ei nedbygging av kulturarbeid i kommunane, difor blir slike lag spesielt viktige. Me kan ta på oss ting som fort blir ein salderingspost frå kommunalt hald.

– Det står ikkje på ambisjonane, med andre ord – så får me sjå korleis det går, avsluttar Lysne.

Til toppen