DELVIS NØGD: Redaktør Jan Inge Fardal har ingen problem med å orsaka den eine feilen dei gjorde, men merkar seg at dei ikkje vart felde på resten av punkta i klagen.
DELVIS NØGD: Redaktør Jan Inge Fardal har ingen problem med å orsaka den eine feilen dei gjorde, men merkar seg at dei ikkje vart felde på resten av punkta i klagen. (Halvor Farsund Storvik)

Sogn Avis PFU-felt for kritisk kommentar om barnevernet: – Ei avgjerd me kan leva greitt med

Dei var klaga inn for ei rekkje brot på god presseskikk i dekninga av Sogn barnevern, men vart berre felt på eitt punkt. Det er redaktøren glad for, samtidig som han beklagar feilen.

Leikanger: Det var i juni at Sogndal kommune klaga Sogn Avis inn til Pressens faglege utval (PFU). Dei meinte avisa gjentekne gonger hadde brote god presseskikk i dekkinga av dei tidlegare arbeidsmiljøkonfliktane i Sogn barnevern.

Tysdag vart dei felt på eitt av fleire punkt i klagen.

– Dette er ei avgjerd me kan leva greitt med og som var forventa, seier redaktør Jan Inge Fardal, som er glad for den avgrensa dommen.

Ordførar Jarle Aarvoll meiner på si side at Sogn Avis har feilinformert lesarane, les saka her.

Hadde ikkje dekning for påstand om «skyhøge» avvik

Klagen til kommunen omfatta ei rekkje kommentarar og artiklar i Sogn Avis frå desember 2016 til januar 2017.

Sogn Avis avviste klagen, med unnatak av å innrømma at dei hadde samanlikna «epler og pærer» i ein kommentar frå desember 2016. Til slutt var det denne kommentaren avisa vart felt for.

Her omtala redaktør Jan Inge Fardal dei elleve avvika (seinare nedjustert til åtte) som hadde blitt avdekka i eit tilsyn med Sogn barnevern utført av Fylkesmannen.

Fardal hevda at dette var «skyhøge tal i nasjonal samanheng». I tilsvaret til klagen innrømte han å ikkje nødvendigvis ha dekning for påstanden. PFU meiner redaktøren her burde ha sjekka fakta betre og felte dermed avisa på dette punktet. 

– Viss kommunen hadde peika på dette tidlegare, så hadde eg retta det opp. Som eg skriv i tilsvaret til kommunen, så har eg samanlikna epler og pærer, for det viser seg at det ikkje er gjort noko liknande undersøking i eit barnevern før, der dei fann avvik i alle område dei leitte. Med andre ord hadde eg ikkje dekning for å skriva det eg gjorde og det beklagar eg. Men det betyr ikkje at det var feil, seier Fardal.

Kommunen skuldar redaktøren for slagside mot leiinga

I klagen hevda kommunen at avisa gjentekne gonger ikkje hadde kontrollert opplysningar godt nok, at dei ikkje hadde vore saklege nok, at dei ikkje har hatt dekning for titlar og ikkje gitt høve til å imøtegå kritiske påstandar.

Dei skulda i tillegg redaktør Jan Inge Fardal for å ha valt eit «narrativ» der leiinga i barnevernet får skulda for alle problema. Ordføraren Jarle Aarvoll seier i dag at PFU-fellinga viser at Sogn Avis har feilinformert lesarane sine.

Fardal svarer at dei berre har vore interesserte i å få ut fakta, men ellers ikkje teke noko side i saka. Åtaket mot Sogn Avis kallar han «patetisk». Han gjentek at dei hadde retta opp feilen dei gjorde dagen etter om kommunen hadde sagt i frå.

– I staden venta dei eit halvt år og brukte 100.000 kroner på noko dei altså kunne fått gratis, seier han og viser til honoraret advokat Jon Wessel-Aas fekk for å utforma klagen mot avisa.

Nøgd med at PFU ikkje fann varslarsaka kritikkverdig

Blant det kommunen reagerte på i klagen var òg eit omfattande oppslag frå 21. januar i år, der ti tidlegare tilsette i Sogn barnevern stod fram med sine historier. Alle ti var anonymiserte av avisa. I den første historia stod ei kvinne fram og fortalte at det var ei lette då ho fekk ein kreftdiagnose, fordi ho kunne bli sjukemeld frå den «uuthaldelege kvardagen i Sogn barnevern».

Laurdag 28. januar publiserte Sogn Avis ein ny artikkel der dei skreiv at noverande barnevernsleiar Hadle Blikra «måtte gå på dagen» frå ei tidlegare stilling i Lærdal kommune. Sogndal kommune meinte dette var misvisande, då Blikra sjølv valde å gå av.

I PFU vart ikkje Sogn Avis felt for nokre av desse sakene. Det er redaktøren glad for, ikkje minst fordi dei ti historiane dei publiserte vart utløysande for granskinga av barnevernet kommunestyret til slutt vedtok å setta i gang.

– Dette er varslarsaker, der folk må vera anonyme for at dei i det heile tatt skal tora å fortella historiane sine. I tillegg til dei ti historiane som vart publiserte, så hadde me seks tilsvarande som ikkje kom med. Dei trekte seg fordi at dei var redde for å bli attekjende, sjølv om det var anonymiserte. Så kjenslemessig var det. Eg skjønte i utgangspunktet ikkje korleis den kunne bli klaga inn og eg er veldig nøgd med at PFU ikkje fann noko kritikkverdig i den saka, seier Fardal.

Til toppen