IKKJE NØGD: Sogn barnevern har vore utan verneombod i snart eitt år, noko rådmann Jostein Aanestad ikkje er nøgd med. Foto: Arkiv.
IKKJE NØGD: Sogn barnevern har vore utan verneombod i snart eitt år, noko rådmann Jostein Aanestad ikkje er nøgd med. Foto: Arkiv.

Sogn barnevern har vore utan verneombod i snart eitt år

– Det er ein situasjon eg ikkje er tilfreds med i det heile, seier rådmann Jostein Aanestad.

Sogndal: I fjor vedtok arbeidsmiljøutvalet i Sogndal kommune å få på plass eit verneombod i Sogn barnevern innan 1. april 2016. Elleve månader etter fristen er det framleis ingen til å fylle rolla.

Eit verneombod blir vald av dei tilsette og skal ta vare på deira interesser i saker som har med arbeidsmiljøet å gjere.

Rådmann Jostein Aanestad seier dei ikkje har greidd å få på plass eit verneombod fordi dei tilsette ikkje har tillit til hovudverneombodet.

– Det er ein situasjon eg ikkje er tilfreds med i det heile. Vi har tatt kontakt med Arbeidstilsynet og skal ha eit møte for å diskutere kva vi skal gjere, seier han.

Les også: Her er gjengen som skal gjenreise tilliten til barnevernet

Frank Nymark har vore hovudvernombod i Sogndal i mange år og vart nyleg attvald. Han meiner rådmannen har seg sjølv å takke.

– Han kan ikkje skulde på meg, det er hans ansvar å få på plass eit verneombod. Det at han ikkje har klart det enno synst eg er veldig dårleg, seier han. 

Han kjøper ikkje argumentet om manglande tillit. For det første har utskiftinga i barnevernet vore så stor at knapt nokon av dei tilsette veit kven han er. For det andre minner han om at hovudvernombodet ikkje har noko mynde over verneombodet, det er når verneombodet spør om råd og bistand at han kan involvere seg.

– Så mi rolle er minimal. Det lokale verneombodet er suveren på sin arbeidsplass. Det burde rådmannen vite nok om til at han greier å forklare det til dei tilsette, seier Nymark.

Til toppen