STÅR VED RÅDMANNEN: Ordførar Jarle Aarvoll meiner det vil vere uheldig å setje i gong ein prosess rundt rådmann Jostein Aanestad si stilling. Foto: arkiv.
STÅR VED RÅDMANNEN: Ordførar Jarle Aarvoll meiner det vil vere uheldig å setje i gong ein prosess rundt rådmann Jostein Aanestad si stilling. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogn barnevern: Ordføraren fredar rådmannen

Vil ikkje gje etter for oppmodinga til Frp om å permittere rådmannen.

Sogndal: Frp i Sogndal sende i går eit brev til ordførar Jarle Aarvoll der dei oppmoda han om at la rådmannen trå til sides for ein periode i eit forsøk på å skape ro i barnevernet.

– Når ingenting anna fungerer, så tenkjer me kanskje dette er den enklaste måten å få gjenskapt tilliten til barnevernet på, sa Rita Navarsete i Sogndal Frp til Porten.no i går.

Ordføraren var først ordknapp, men lova å gje eit svar. Det har no kome.

– Etter mi vurdering vil det vere særs uheldig for arbeidet som no skjer i barnevernet dersom det vert sett i gang ein prosess rundt rådmannen si stilling. Dette vil representere ei auka belastning og ytterlegare påkjenning på dei barnevernstilsette som vi ikkje bør utsette dei for. Det vil heller ikkje gjere arbeidet deira lettare, skriv ordføraren i svarbrevet han har sendt til Frp.

Les også: Frp ber om at rådmannen trår til sides for å få ro i barnevernet

Vil ikkje kommentere brevet

Rådmannen sjølv vil ikkje kommentere innhaldet i brevet og oppmodinga om at han må trå til sides.

– Den typen førespurnader er det ordføraren som fullt og heilt har ansvar for å svare på. Eg er førelagt brevet, men skal ikkje ta noko avgjerd i saka. Eg konsentrerer meg om den førebelse tilsynsrapporten frå Fylkesmannen og den har vi svart på no i dag, seier Aanestad.

– Kva synst du om måten Frp har gått fram på?

–Det ønskjer eg ikkje å kommentere, seier han.

Imøtegår avvika frå Fylkesmannen

Når det gjeld den førebelse tilsynsrapporten hadde kommunen frist til i går med å komme med svar. Rådmannen seier dei har gått grundig gjennom avvika og ser at dei på mange punkt har grunnlag for forbetring.

– Men vi ser òg at ein del av avvika er tufta på observasjonar vi ikkje deler med Fylkesmannen. Vi har gått gjennom alle funna og sakene på nytt, og redegjort for dei punkta der vi har andre funn enn Fylkesmannen. Difor har vi bedd om eit møte for å gå gjennom desse, seier rådmannen.

Porten.no har fått tilgang til tilsvaret frå Sogndal kommune, signert rådmann Jostein Aanestad og barnevernsleiar Hadle Blikra. Der kjem dei med innvendingar mot sju av elleve avvik fylkesmannen fann i den førebelse rapporten. Mellom anna imøtegår dei den alvorlegaste påstanden om at Sogn barnevern har for høg terskel for å setje i gong undersøkingar etter å ha mottatt uromeldingar.

– Det er på nokre område stort sprik mellom omtala funn i den førebelse tilsynsrapporten og dei funna tenesta har gjort etter sin eigen gjennomgang, skriv dei i den avsluttande kommentaren i tilsvaret. 

Til toppen