SER ALVORLEG PÅ FUNNA: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal kallar funna etter tilsynet av Sogn barnevern alvorlege og seier arbeidet med å rette opp avvika allereie er i gong.
SER ALVORLEG PÅ FUNNA: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal kallar funna etter tilsynet av Sogn barnevern alvorlege og seier arbeidet med å rette opp avvika allereie er i gong.

Sogn barnevern: Ordføraren ser alvorleg på funna i tilsynet

– Rapporten gir oss eit godt grunnlag for arbeidet med å retta opp dei avvika som er funne, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Sogndal: Fylkesmannen offentleggjorde i går ein førebels rapport etter eit omfattande tilsyn av Sogn barnevern. 

Konklusjonen er at avvika samla representerer eit alvorleg brot på kravet om forsvarlege barnevernstenester og at gjentakande feil viser at styringa av tenesta ikkje sikrar at praksis er i samsvar med lova

– Det er mykje som er gått gjennom på ein gong. Funna er alvorlege og rapporten gir oss eit godt grunnlag for arbeidet med å retta opp dei avvika som er funne, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Les også: Her er rapporten om barnevernet
Les også: Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern

Han seier at barnevernstenesta har starta arbeidet med ein forbetringsplan og at denne skal vere klar innan 1. februar neste år.

– Du vil aldri komma i den situasjonen at alt fungerer perfekt, men det er viktig å ta avvik på alvor og retta dei opp. Eg har tillit til at oppfølginga vil gje oss ei enno betre barnevernsteneste, seier han.

Han kallar breidden og omfanget av tilsynet unikt.  

– Innbyggjarane skal vera trygge på at varsling, oppfølging og tiltak for ei sårbar gruppe skjer på den beste måten. Det er for alle partar ei stor oppgåve å sørgja for at barnevernet gjer jobben, slik at det ikkje er tvil om at barnet sitt beste blir teke vare på, seier Aarvoll.

Til toppen