SOGNDAL: Sprek selfie frå Øystein Nondal, nestleiar i Sogn Fartsfykarlaug, medan han flyr ned fjellsida frå Frudalshesten.
SOGNDAL: Sprek selfie frå Øystein Nondal, nestleiar i Sogn Fartsfykarlaug, medan han flyr ned fjellsida frå Frudalshesten. (Foto: Øystein Nondal)

Sogn Fartsfykarlaug får midlar til å utdanne  instruktørar

På kort tid har Sogn Fartsfykarlaug fått 40 medlemar. No ser dei fram til å utvida tilbodet.

I BUNAD: Brede Haukereid, Eilif Rosnæs, Jakob Aleksandersen og Jardar Nymark flyg året rundt, gjerne òg på 17.mai. Foto: Sogn Fartsfykarlaug

Sogndal: Sogn Fartsfykarlaug har sidan oppstart i desember i fjor vore den einaste klubben i Noreg som driv eksklusivt med ekstremsporten speedriding. No vil lauget, som er basert i Sogndal, utvida tilbodet. 

Dei søkte om lokale aktivitetsmidlar for å utdanna ein ny instruktør for 18-19 åringar, og for å utbetre exitar (stader som dei tek av frå). Frå idrettsrådet i Sogndal fekk dei 10.000 kroner.  

– Det er veldig fint at me får ein del pengar, så det blir litt lettare å jobbe for det me ønskjer å halde på med, seier Eilif Rosnæs, styreleiar i lauget. 

Speedriding er ein luftsport der du sett utfor ein bakke med ski på beina og skjerm over hovudet. Du vekslar mellom å ha skia nedi bakken og å fly. Utan ski, som på sommaren, kallast det speedflying.

Frå 1 til 40 speedridarar 

Rosnæs er frå Østfold og flytta til Sogndal for å studere fornybar energi i 2011. Då var det berre han og éin til som dreiv med ekstremsporten. I dag er det 40 medlem i lauget, kor alderen varierar frå 19 til over 40 år.

Speedriding krev lisens. Dette kan du få med eit ti dagar langt grunnkurs. Alternativt må du har to års erfaring innan paragliding eller fallskjermhopping, og ein gitt mengde flyturar, før du tek ein utsjekk.

Dei fleste kursa i Norge finn stad på Voss, og det er stor konkurranse om plassane:

– Litt av problemet er at dei få kursa som er, vert så fort fulle. Det har begynt å dukke opp kurs andre stader, men det er framleis ganske få plassar, seier han.

Foreløpig er Rosnæs og Sarah Wisniewski dei einaste i klubben med instruktørlisens. Det krevst minst tre for å drifte eit forsvarleg kurs.

Rosnæs har hatt mange kursstudentader, også folk heilt opp i 70 år. 

– Det gjekk eigentleg veldig fint det, altså. Ein må ha koordinasjonsevne og vera litt god på ski. Så må du kunne multitaske litt. Desse kursa skjer på snøen, så du må kunne styre skia på same tid som du styrer skjermen, seier han.

Saka held fram under biletet. 

HEGGMYRANE: Medlemane besøker ofte det lokale skisenteret i Luster for å få speedrider-forhold. Foto: Sogn Fartsfykarlaug

Rosnæs: – Den perfekte aktiviteten

Då han kom til vestlandet, hadde han nett oppdaga speedriding, med erfaring frå både fallskjermhopping og litt basehopping frå før. 

Ifølgje Rosnæs, er speedriding den perfekte aktiviteten; mykje tryggare enn basehopping samstundes som ein får nytta fjellet. Med lite vind, runde toppar og konvekse fjell, har Sogn forholda som skal til.

– Eg flytta eigentleg til Sogndal 50 prosent for naturen og 50 prosent for skulen. Det er lett å driva sporten her.

Fartsfykarlauget hadde stiftelsesmøte i juni 2017, men måtte bruka litt tid på å få alt på plass. I desember same år hadde dei sitt fyrste styremøte.

– Klubb og lag er mest vanleg, men me synast at laug klang litt betre. Eit lite spel på sognamålet. Me måtte bruke litt tid på å få det godkjent, seier Rosnæs. 

Til toppen